Innovangsjon
I samarbeid med hovudsponsor Vang Sparebank skipa vi våren 2011 samvirket Innovangsjon SA, som skal jobbe for å gjere Vang til ei attraktiv kommune å etablere seg i for unge menneskje. Jobb, tak over hovudet og aktivitetar er viktige stikkord i arbeidet.
Harde fakta
Kva er bakgrunnen?
Det er mange grunnar til at Vinjerock ynskjer å bidra til å gjere Vang til ein enno betre stad å bu. Aller viktigast er det å gje noko attende til eit lokalsamfunn som har danna grunnmuren frå Vinjerock for dag ein. Bygdefolk, politikarar og næringslivet i Vang har støtta oppunder festivalen heilt frå den ville ideen vart lansert våren 2006. Denne oppbakkinga har vi vore heilt prisgjevne, og Vinjerock hadde ikkje eksistert utan.
I tillegg er det mange Vinjerockarar som drøymer om eit herleg liv med Jotunheimen rett utanfor inngangsdøra. Vi veit at uhorveleg mange er klare for å hive flyttelasset i bilen så fort tilhøva ligg til rette for det. Så då tenkte vi enkelt og greit: Kva er det vi ventar på?
For Vinjerock som arrangement er det også veldig viktig å ha eit oppegåande lokalsamfunn å støtte seg til. Vi treng flinke folk, vi treng levedyktige bedrifter og vi treng aktive samarbeidspartnarar.
Kva jobbar Innovangsjon med?
Innovangsjon jobbar breitt med fleire viktige tema, men dei tre viktigaste er:
Næringsutvikling
Sjølv om det er freistande å springe rundt i fjellheimen
kvar dag er det dessverre ikkje alle som kan leve av det. Difor
trengst det kjekke jobbar å gå til i kvardagen.
Bustader og integrering
Om folket skal strøyme til Vang må vi tilby dei attraktive
bustader, og når dei fyrst har pakka ut flyttelasset må vi syte for
å ta godt vare på dei, slik at dei blir inkluderte i
bygdesamfunnet.
Synleggjering
For at folk skal busetje seg i Vang er naturlegvis fyrste
steg at dei får vite om staden. Marknadsføring av Vang er eit
sentralt tema i Innovangsjon sitt arbeid, og har så langt blant
anna resultert i ein ny nettportal. Eit anna viktig element i dette
arbeidet er å skape møteplassar, både av fagleg og mindre fagleg
art. I september 2011 arrangerte vi den fyrste «Innovangsjonsdagen»
- eit arrangement for notidas og framtidas vangsgjeldingar, med
foredrag, trippelkonsert og herleg middag (sjølvsagt med råvarer
frå Vang).
Vil du vite meir?
Om du er nyfiken på kva som skjer i Vang kan du ta ein kikk på heimesidene til Innovangsjon - nettportalen vangivaldres.no. Velkomen til bygds!
