Aasmunds Tindeklub
Det glade liv i fjellheimen. Det er akkurat det Vinjerock handlar om. Men kvifor skal vi nyte dette livet berre ei helg i året? Kan vi ikkje fylle kalendaren med små godbitar heile året gjennom? Klart vi kan - Jotunheimen ligg jo berre der og ventar på oss kvar einaste dag!

Aasmunds Tindeklubb vart skipa i 2010, men som følgje av Vinjerock
sitt pauseår i 2011 kjem ikkje aktiviteten i gang før våren
2012.
Kva er tanken?
Aasmunds Tindeklub skal arrangere uformelle og nokre litt meir formelle turar i fjellheimen. Turane går frå starten av vårskisesongen og fram til snøen fell på hausten. Målsetjinga er enkelt og greit å ta med seg den gode Vinjerock-kjensla i sekken, og nyte det ypparste av norsk natur også på andre tider av året. I tillegg har vi lært at det er viktig å ta vare på familien sin, og sidan Vinjerock i bunn og grunn er ein einaste stor gigantfamilie tenkte vi at dette var måten å gjera det på.
Kven er turane for?
Alle Vinjerockarar som vil vera med. Frivillige og samarbeidspartnarar vil bli særskilt invitert til nokon turar, men turen vil like fullt vera open for alle.
Kva typer turar snakkar vi om?
Både enkle og ekstreme turgleder står på programmet. Nokon turar vil vera veldig enkle og mest for kosens del - utan behov for påmelding. Andre vil krevje påmelding, og nokre vil krevje autorisert fjellførar, og dermed koste nokre kroner.
Det fyrste året reknar vi med at det vil bli sett opp 6-8 turar. Program kjem i løpet av seinvinteren.
