Prosjekt
For Vinjerock er det viktig å gje noko attende til samfunnet. Anten som ein takk til alle dykk som har støtta oss og hjulpe oss fram på vegen, eller i form av prosjekt som kjem saker vi meiner er viktige til gode.
Her kan du lese meir om tre ulike prosjekt Vinjerock er involvert i.
Å gje attende

Vinjerock hadde aldri kome dit vi er i dag utan hjelpande hender undervegs. Når så mange stiller opp for å realisere eit såpass ellevillt prosjekt seier det seg sjølv at vi må gje noko attende når ting etter kvart går bra - og festivalen i seg sjølv går godt.
Vinjerock er tufta på idealisme frå topp til tå, og ingen tener personleg på festivalen. Det betyr at alt eventuelt overskot som festivalen genererer går rett attende i vidareutvikling av arrangementet. Og det som skulle bli til overs ynskjer vi å nytte på å skape ein meirverdi som femner langt fleire.
Felles for alle prosjekta våre er at dei også involverer ein eller fleire av samarbeidspartnarane til festivalen. For Vinjerock er det viktig å tenkje heilskap når vi inngår nye samarbeid, og difor har vi vore veldig bevisste på kva samarbeidspartnarar vi har knytta til oss. Med felles målsetjingar og verdiar i botnen kan ein liten festival i fjellheimen bidra til å gjere ein forskjell når vi forener krefter med andre solide aktørar.
Aktuelle prosjekt
Vinjerockfondet
Deler ut pengar til rørslehemma ungdom som vil realisere turdraumar i norsk natur. Samarbeid med blant andre Den Norske Turistforening og Fairtrade Max Havelaar Norge.
Innovangsjon
Idealistisk samvirkeforetak som skal jobbe for å skape nye arbeidsplassar, bustader og aktivitetar i Vinjerock si heimkommune - Vang i Valdres. Initiert av Vinjerock, og stifta i samarbeid med hovudsponsor Vang Sparebank.
Aasmunds Tindeklub
Vinjerock sin uformelle fjellsportsklubb. Skal frå våren 2012 arrangere enkle og litt mindre enkle turar i fjellheimen for Vinjerockarane som ynskjer fleire glade dagar i Jotunheimen i løpet av året.
