Vinje FM

VinjeFM er Noregs høgstliggjande radiokanal, med ein dekningsradius på ca 3 km - så lenge antenna held seg oppreist i all slags festivalvêr. Med ei total sendetid på 72 timar årleg seier det seg sjølv at radiogjengen byr på ei eksklusiv oppleving over FM-bandet.

Radioen vart opprinneleg starta opp av radiostudentar som gjekk saman på Høgskulen i Volda. No er alle ferdigstuderte, men kvart år møtest dei på Vinjerock for å lage god radio for meg og deg.

Sendeskjema 2012

VinjeFM sitt sendeskjema blir klart i løpet av våren.