Aktivitetar

Med Jotunheimen som leikegrind er Vinjerock eit utgangspunkt for tonnevis av friluftsaktivitetar. Vinjerock har sidan tidenes morgon bydd på fjellturar for einkvar kondis til festivalpublikummarane, og aktivitetsprogrammet har i etterkant vorte utvida kvart år. Toppturar, klatrekurs, padlekurs, fotokurs, fisketurar og kitekurs er berre noko at det som står på programmet. Sidan 2009 har også publikumsmagneten Vinjerock:Multisport vorte ein sentral del av festivalens tilbod til spreke festivalfolk.

Aktivitetsprogram:

Gradering: Svart (meir info). God fysisk form og ikkje særleg utvikla høgdeskrekk er naudsynt for å melde seg på turen.

Turen startar frå Koldedalen og den fyrste etappen til foten av foten av Falkebreen er rimeleg lett. Her tek vi på oss breutstyr (breen kan vera relativt rufsete), og set kursen mot Falketinden over breen. Vi går av breen omtrent midt under lågste punkt av ryggen under Falketind. Her held pionerruta fram med enkel klyving. Det er aldri vrien fjellklatring på turen, men det er såpass luftig at vi nyttar tau. Den siste biten mot toppen er som ei sjarmøretappe til toppen som ruvar 2068 moh. 

Turen er i regi av Tyin Aktiv. 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: På parkeringsplassen ved Fondsbu

Felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

Du kan tinge billettar til alle aktivitetane på Vinjerock her

Uranostind (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fire turar til Uranostind under årets Vinjerock.

Vi lovar storslagen natur, brevandring, og om været speler på lag - ei utsikt frå toppen du seint vil gløyme.

Gradering: Raud (meir info

Uranostind -  Søregga  (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fem turar til Uranostind under årets Vinjerock. 

Første del av turen går inn til Uradalsvatnet og vidare bratt opp til den nordlegaste Urasnostinden på 2048 moh. Deretter luftig klatring/klyving til hovedtoppen. Ned igjen følgjer vi normalvegen som går over breen.   

Gradering: Sort (meir info

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: DNTs turinformasjon i Vinjeparken.

 

Du kan tinge billettar til alle aktivitetane på Vinjerock her

Tenk om pilsen på toppen av fjellet ikkje lenger kunne nytast med utsikta over langstrakte fjorder og spisse tindar! Tenk om instafeeden din var full av tretopper i staden for nydelige fjell.

Bli med forskarar frå DNT og Naturhistorisk Museum på øko-ekspedison og få svar på ting du ikkje visste du lurte på!

Kvifor i alle verda er ikkje Eidsbugarden omgitt av skog? Blir den det i framtida? Korleis formar klima og menneske naturen i fjella? 

Me tek praten medan me jaktar på Eidsbugardens øvste tre med forskningsappen "Natur i endring".

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Fredag kl.11.00-13.00

Utstyr:

  • Vanlege turklede
  • Drikke

Oppmøte:   DNTs turinformasjon.

Ting billett til turen her!

Langeskavltinden (2014 moh) m/DNT ung

Klar for ein akkurat passe utfordrande 2000-meterstopp? Då er dette fjellturen for deg.

Ruta går nordvestover frå Fondsbu, opp mot nordsida av Sløtatjednet. Vidare går ein opp fjellsida, før ein rundar av mot venstre og rundt skavlen som ligg i nordaushelinga. Vidare går ein mot Langeskavlen (1878 moh.) og Langeskavltinden (2014 moh.) Herifrå ser ein Urdanostind i vest, Falketind i sørvest, og er veret fint, ser ein like til Hurrungane.

Gradering: Blå (meir info)

Tidspunkt:
- Fredag 08:00 - 18:00

Turane er i regi av DNT ung. 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke
  • Solbriller og solkrem

Oppmøte: DNTs turinformasjon 07:45

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

 

Ting billett her!

Målet i konkurransen er å samle flest poeng på til saman tretti postar. 15 av postane er bemanna med diverse fysiske aktivitetar, og 15 av postane er ubemanna.

Les meir og meld deg på her!

Galdeberg (2075 moh.) (DNT)

Gradering: Blå

Tidspunkt: Laurdag 09.00 - 17.00

Turen går langs nordsida av Bygdin før ein skrår opp i sida og ut på Høystakkane. Vidare fortsett turen med jamn stigning mot Galdeberget. Når ein kjem til topps er utsikta storslagen. Her ruvar Slettmarkspiggen, Slettmarksbreen og eit titals andre 2000- metarar i beste augesyn.

Er vêret ruskete kan det verta aktuelt å snu ved Høystakkane.

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Oppmøte: v/Turkafeen i Vinjeparken (DNT turinformasjon).

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

Ting turen her! 

Mobilfri tur

Ikkje la vennene dine få FOMO, dropp telefonen og bli med på mobilfri tur.

Me skal knuse myten "Du har ikkje vore på tur før du har posta det på insta." Legg igjen telefonen i teltet, me skal vise det picture perfekt på ordentlig. 

Med telefonen godt plassert i teltet tek me turen til den "gløymde" toppen på Eidsbugarden, nemleg Høgbrotet. Frå toppen har ein imponerande utsikter over Jotunheimen. Turen reknast som middels tung

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Laurdag 11:00 - 15:00

Utstyr: 

Stor og god matpakke

Stor vatnflaske

Gode sko

Varme klede

Solbriller og solkrem

Oppmøte:   DNTs turinformasjon.

Ting billett her

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Fredag 10:00 - 15:00

Det er artigare å gå i fjellet om du kan fiske litt på vegen. Og same kva retning du tek vegen frå Eidsbugarden, er vegen kort til høgfjellsaure av beste sort. På fredagen under årets festival tek vi deg med til vatnet med dei feitaste og mest bitekåte.

På turen får du alle tipsa og triksa som fins i boka. For spinner er ikkje spinner, og sluk er på ingen måte berre ein sluk, når det kjem til å lure høgfjellsauren på land.

Utstyr: Ta gjerne med eige fiskeutstyr. Har du ikkje eige fiskeutstyr kan du anten låne av oss (Fondsbu har fiskestengjer til utlåns gjennom prosjektet «Fiskelykke». Eller du kan handle det du treng i Intersport Filefjell sin festivalbutikk.)

Inatur.no stiller med gratis fiskekort for til heile gjengen

Oppmøte:   DNTs turinformasjon i Vinjeparken.

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

Ting fisketuren her! 

Snøggprat i lyngen

Singel, glad i festivalar og likar å gå i fjellet? Då hadde vel ingenting vore betre enn å finne kjærleiken på fjellet - under Vinjerock?

Me ønskjer å sjå flørt i fjellet, og håpar det vil oppstå søt musikk når 20 personer legger ut på singeltur. To turleiarar er med for å vise veg, og inspirere til god stemning. Me sørger sjølvsagt for at begge kjønn er godt representert.

Er du mellom 25 og 35 år oppfordrast du til å melde deg på årets festivalnyheit. Finn du ikkje kjærleiken denne gangen, har du i alle fall fått ei flott oppleving- og ei grønn hue du kan bruke igjen på neste fjelltur.

Gradering:  Grøn (sjølvsagt!)

Tidspunkt:

Oppmøte ved turinfoen kl. 11:45, vi går fra festivalområdet kl. 12:00. Turen varar om lag to timar

Utstyr:

Mat og drikke

Gode sko

Glimt i auge

Oppmøte:  DNTs turinformasjon

 

Frå  Koldedalen går ein jamnt oppover i grov ur før ein kjem opp på ryggen.  Den luftige egga følgjer ein vestover, før ein lyt klyve nokre bratte sva. På toppen av ryggen går ein nedover att, før ein ser den mektige  Hjelledalstinden stige opp. Etter litt luftig klyving er ein heilt oppe på toppen, og kan nyte panoramautsikta over den fagre Jotunheimen. 

På Ticketco.no kan du melde deg på tur til Hjelledalstind. 

Gradering: Svart (meir info)

Tidspunkt:

  • Torsdag 09:00 - 18:00

 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

 

Oppmøte på parkeringsplassen ved Fondsbu.