Uranostind fredag #1

Uranostind (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fire turar til Uranostind under årets Vinjerock.

Vi lovar storslagen natur, brevandring, og om været speler på lag - ei utsikt frå toppen du seint vil gløyme.  Du kan tinge billett på heimesida til Ticketco

Gradering: Raud (meir info)