SUP-yoga fredag

Prøv ein spennande kombinasjon av yoga og SUP-padling!

SUP står for «Stand Up Paddling», eller brettpadling som det heiter på godt norsk, og er verdas raskast veksande vatnsport. Yoga er kjend for dei fleste, men på eit padlebrett vil rørslene i vatnet gje deg ein ekstra utfordring for balansen. Her må du verkeleg aktivere det du har av kjernemuskulatur!

Du treng ingen forkunnskapar for å delta. På kurset lærer du litt om padling, om utstyret me brukar og om tryggleik på vatnet. Me gjer ein enkel yoga-serie og avsluttar med total avspenning med den behagelige lyden av vatnet som klukkar rundt brettet.

SUP yoga gir deg høve til å oppleve den flotte naturen, det vakre Bygdinvatnet og den positive energien frå alle elementa her oppe i Jotunheimen!

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: 
- Fredag 08:00 - 09:30 

Utstyr:
- Handkle
- Skift

Oppmøte:  DNTs turinformasjon.

Ting billettar til SUP-yoga her!