Padlekurs torsdag #2

Lær deg å padle i unike omgjevnadar!

Padlekurs m/DNT UNG 

Kunne du tenkje deg å padle kajakk på høgfjellet? Her får du høve til det - på sjølvaste Bygdin! Dette er eit introduksjonskurs i havkajakk etter Norges padleforbund sin mal, med godkjende instruktørar

Du vil bli kjend med havkajakken og anna utstyr som høyrer med. Etter fullført kurs får du våttkort med oblat for introkurs havpadling.

Det vil ikkje bli lånt ut våt/tørrdrakter.

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt:

  • Torsdag 16:00 - 19:00

Utstyr:

  • Ulltøy
  • Handkle
  • Regnjakke
  • Skift
  • Drikke og litt mat

Oppmøte: DNTs turinformasjon

Ting billettar til aktiviteten her!