Ølsmaking: Kinn - laurdag

Kinn stiller opp i baren på Eidsbugarden Hotell for å gje deg ei smakfull innføring i øltypane deira. 

Fleire ulike typar øl har funne vegen til Eidsbugarden, og uansett om du er ein dreven ølsmakar eller fersk i faget så vil ølsmakinga gjere deg langt betre rusta til å velje ein øl etter din smak neste gong.

KINN
Kinn bryggeri stiller igjen opp og ynskjer deg velkommen til Ølsmaking på årets festival.

Om du også har ein lidenskap for gode smaker og godt øl, eller berre er nysgjerrig og har lyst til å lære mier er dette en ypparleg moglegheit mens du nyter dagane på Vinjerock.

Bli med på ein spennende smaking kor du blir betre kjent med Kinns handverksøl i engelsk og belgisk stil.

Herlegheita kostar kr. 300,- per person. Ting billettar her!