Aktivitetar & kurs

Med Jotunheimen som leikegrind er Vinjerock eit utgangspunkt for tonnevis av friluftsaktivitetar. Vinjerock har sidan tidenes morgon bydd på fjellturar for einkvar kondis til festivalpublikummarane, og aktivitetsprogrammet har i etterkant vorte utvida kvart år. Toppturar, klatrekurs, padlekurs, fotokurs, fisketurar og kitekurs er berre noko at det som står på programmet. Sidan 2009 har også publikumsmagneten Vinjerock:Multisport vorte ein sentral del av festivalens tilbod til spreke festivalfolk.

Aktivitetsprogram:

Gradering: Svart (meir info). God fysisk form og ikkje særleg utvikla høgdeskrekk er naudsynt for å melde seg på turen.

Turen startar frå Koldedalen og den fyrste etappen til foten av foten av Falkebreen er rimeleg lett. Her tek vi på oss breutstyr (breen kan vera relativt rufsete), og set kursen mot Falketinden over breen. Vi går av breen omtrent midt under lågste punkt av ryggen under Falketind. Her held pionerruta fram med enkel klyving. Det er aldri vrien fjellklatring på turen, men det er såpass luftig at vi nyttar tau. Den siste biten mot toppen er som ei sjarmøretappe til toppen som ruvar 2068 moh. 

Turen er i regi av Tyin Aktiv. 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: På parkeringsplassen ved Fondsbu

Felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

Du kan tinge billettar til alle aktivitetane på Vinjerock her

Uranostind (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fire turar til Uranostind under årets Vinjerock.

Vi lovar storslagen natur, brevandring, og om været speler på lag - ei utsikt frå toppen du seint vil gløyme.

Gradering: Raud (meir info

Uranostind -  Søregga  (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fem turar til Uranostind under årets Vinjerock. 

Første del av turen går inn til Uradalsvatnet og vidare bratt opp til den nordlegaste Urasnostinden på 2048 moh. Deretter luftig klatring/klyving til hovedtoppen. Ned igjen følgjer vi normalvegen som går over breen.   

Gradering: Sort (meir info

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: DNTs turinformasjon i Vinjeparken.

 

Du kan tinge billettar til alle aktivitetane på Vinjerock her

Tenk om pilsen på toppen av fjellet ikkje lenger kunne nytast med utsikta over langstrakte fjorder og spisse tindar! Tenk om instafeeden din var full av tretopper i staden for nydelige fjell.

Bli med forskarar frå DNT og Naturhistorisk Museum på øko-ekspedison og få svar på ting du ikkje visste du lurte på!

Kvifor i alle verda er ikkje Eidsbugarden omgitt av skog? Blir den det i framtida? Korleis formar klima og menneske naturen i fjella? 

Me tek praten medan me jaktar på Eidsbugardens øvste tre med forskningsappen "Natur i endring".

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Fredag kl.11.00-13.00

Utstyr:

  • Vanlege turklede
  • Drikke

Oppmøte:   DNTs turinformasjon.

Ting billett til turen her!

Langeskavltinden (2014 moh) m/DNT ung

Klar for ein akkurat passe utfordrande 2000-meterstopp? Då er dette fjellturen for deg.

Ruta går nordvestover frå Fondsbu, opp mot nordsida av Sløtatjednet. Vidare går ein opp fjellsida, før ein rundar av mot venstre og rundt skavlen som ligg i nordaushelinga. Vidare går ein mot Langeskavlen (1878 moh.) og Langeskavltinden (2014 moh.) Herifrå ser ein Urdanostind i vest, Falketind i sørvest, og er veret fint, ser ein like til Hurrungane.

Gradering: Blå (meir info)

Tidspunkt:
- Fredag 08:00 - 18:00

Turane er i regi av DNT ung. 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke
  • Solbriller og solkrem

Oppmøte: DNTs turinformasjon 07:45

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

 

Ting billett her!

Målet i konkurransen er å samle flest poeng på til saman tretti postar. 15 av postane er bemanna med diverse fysiske aktivitetar, og 15 av postane er ubemanna.

Les meir og meld deg på her!

Galdeberg (2075 moh.) (DNT)

Gradering: Blå

Tidspunkt: Laurdag 09.00 - 17.00

Turen går langs nordsida av Bygdin før ein skrår opp i sida og ut på Høystakkane. Vidare fortsett turen med jamn stigning mot Galdeberget. Når ein kjem til topps er utsikta storslagen. Her ruvar Slettmarkspiggen, Slettmarksbreen og eit titals andre 2000- metarar i beste augesyn.

Er vêret ruskete kan det verta aktuelt å snu ved Høystakkane.

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Oppmøte: v/Turkafeen i Vinjeparken (DNT turinformasjon).

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

Ting turen her! 

Mobilfri tur

Ikkje la vennene dine få FOMO, dropp telefonen og bli med på mobilfri tur.

Me skal knuse myten "Du har ikkje vore på tur før du har posta det på insta." Legg igjen telefonen i teltet, me skal vise det picture perfekt på ordentlig. 

Med telefonen godt plassert i teltet tek me turen til den "gløymde" toppen på Eidsbugarden, nemleg Høgbrotet. Frå toppen har ein imponerande utsikter over Jotunheimen. Turen reknast som middels tung

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Laurdag 11:00 - 15:00

Utstyr: 

Stor og god matpakke

Stor vatnflaske

Gode sko

Varme klede

Solbriller og solkrem

Oppmøte:   DNTs turinformasjon.

Ting billett her

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Fredag 10:00 - 15:00

Det er artigare å gå i fjellet om du kan fiske litt på vegen. Og same kva retning du tek vegen frå Eidsbugarden, er vegen kort til høgfjellsaure av beste sort. På fredagen under årets festival tek vi deg med til vatnet med dei feitaste og mest bitekåte.

På turen får du alle tipsa og triksa som fins i boka. For spinner er ikkje spinner, og sluk er på ingen måte berre ein sluk, når det kjem til å lure høgfjellsauren på land.

Utstyr: Ta gjerne med eige fiskeutstyr. Har du ikkje eige fiskeutstyr kan du anten låne av oss (Fondsbu har fiskestengjer til utlåns gjennom prosjektet «Fiskelykke». Eller du kan handle det du treng i Intersport Filefjell sin festivalbutikk.)

Inatur.no stiller med gratis fiskekort for til heile gjengen

Oppmøte:   DNTs turinformasjon i Vinjeparken.

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

Ting fisketuren her! 

Me feirer kjærlighet og mangfold i fjellet med regnbogetur til Reinsdyret ovanfor Eidsbugarden, fredag 20. juli 2018. Me avsluttar turen med «homohour» og god stemning i Solbaren kl 13:00.

Under Vinjerock 2017 var mangfald i fjellet eit tema og spesielt blei det diskutert synligheit for skeive. Me ønsker å vise at Vinjerock og friluftslivet er ein arena for alle, både heterofile og LHBTIQ- personer. 

Me oppfordrar alle fine festivalmennesker om å bli med oss på verdas første offisielle Vinjepride. Turen er for deg - uansett om du er skeiv, undrande, støttande eller berre nysgjerrig. 

Oppmøte: ved infoteltet kl 10:00.

Ta med: Sitteunderlag, nistepakke og noko godt på innerlomma. Oppe ved reinsdyret blir det apellar og god stemning.

Ta ein pust i bakken saman med eventyraren Annelie Pompe når Bergans inviterar til yoga på Vinjerock. Annelie trenar hardt og praktisera yoga og pusteteknikk aktivt i både fridykking og fjellklatring.

Ta med di eiga yogamatte og start dagen med ein deileg strekk. Dersom vêret er fint blir det yoga på utsiktspunktet ved reinen over Eidsbugarden. Det er ein vandretur på rundt 20 minuttar, og oppmøte er framleis 08.00 ved Parkscena. 

Kvar: Parkscena

Snøggprat i lyngen

Singel, glad i festivalar og likar å gå i fjellet? Då hadde vel ingenting vore betre enn å finne kjærleiken på fjellet - under Vinjerock?

Me ønskjer å sjå flørt i fjellet, og håpar det vil oppstå søt musikk når 20 personer legger ut på singeltur. To turleiarar er med for å vise veg, og inspirere til god stemning. Me sørger sjølvsagt for at begge kjønn er godt representert.

Er du mellom 25 og 35 år oppfordrast du til å melde deg på årets festivalnyheit. Finn du ikkje kjærleiken denne gangen, har du i alle fall fått ei flott oppleving- og ei grønn hue du kan bruke igjen på neste fjelltur.

Gradering:  Grøn (sjølvsagt!)

Tidspunkt:

Oppmøte ved turinfoen kl. 11:45, vi går fra festivalområdet kl. 12:00. Turen varar om lag to timar

Utstyr:

Mat og drikke

Gode sko

Glimt i auge

Oppmøte:  DNTs turinformasjon

 

Frå  Koldedalen går ein jamnt oppover i grov ur før ein kjem opp på ryggen.  Den luftige egga følgjer ein vestover, før ein lyt klyve nokre bratte sva. På toppen av ryggen går ein nedover att, før ein ser den mektige  Hjelledalstinden stige opp. Etter litt luftig klyving er ein heilt oppe på toppen, og kan nyte panoramautsikta over den fagre Jotunheimen. 

På Ticketco.no kan du melde deg på tur til Hjelledalstind. 

Gradering: Svart (meir info)

Tidspunkt:

  • Torsdag 09:00 - 18:00

 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

 

Oppmøte på parkeringsplassen ved Fondsbu.

 

 

 

Gradering: Blå (meir info)

Klar for det aller heftigaste kurset på Vinjerock? Kurset startar med ei økt om utstyr, sikkerheit og rutinar for ein elvepadlar. Så får alle kvar sin båt med komplett utstyr og det vert ei teknikkøkt på flatt vatn (også kalla Bygdin).

Som ei grande finale tek vi med kajakkane opp i Mjølkedøla, og den som føler seg klar for det kan få padle sitt fyrste elvestryk under stødig oppsyn av instruktørane.

Med andre ord har du her ei ypperleg moglegheit til å finne ut om elvepadling kan passe for deg. Men hugs: Du vert garantert blaut ;-)

Utstyr:

  • Ullundertøy
  • Sko som tåler å bli blaute
  • Handkle
  • Varmt skift

Lån av kajakkar og anna padleutstyr er inkludert i kursavgifta.

Oppmøte: Ved DNTs turinformasjon

Ting billettar til aktiviteten her!

Stand up paddle
Lei av å sitte når du skal padle? Bli med på SUP då vel! SUP er nemleg ei forkortning for "Stand Up Padling" og har vorte svært så populært dei siste åra. Du står på eit digert surfbrett (Na-na-nananananaaaa) og padlar. Enkelt og greitt og ganske så genialt. God trening er det visst og. 

SUP Safari
Laurdag arrangerer me også ein SUP-safari. Dette blir vår aller første guida SUP-tur på Bygdin! Padlerute og lengde avhenger av vêr og vind, og turen blir tilpassa etter deltakarane. På vegen finn me ein fin rasteplass og serverer kaffi og snacks.
SUP-safari passar for deg som har prøvd SUP før, eller har erfaring med kajakk  eller kano. Ta med vannflaske og tørt skift.

Kurshaldar er Hallgeir Thorbjørnsen frå 4 elements.

Gradering: Grøn (meir info)

Utstyr:

  • Ulltøy
  • Handkle
  • Skift

Oppmøte:   DNTs turinformasjon

 

SUP står for «Stand Up Paddling», eller brettpadling som det heiter på godt norsk, og er verdas raskast veksande vatnsport. Yoga er kjend for dei fleste, men på eit padlebrett vil rørslene i vatnet gje deg ein ekstra utfordring for balansen. Her må du verkeleg aktivere det du har av kjernemuskulatur!

Du treng ingen forkunnskapar for å delta. På kurset lærer du litt om padling, om utstyret me brukar og om tryggleik på vatnet. Me gjer ein enkel yoga-serie og avsluttar med total avspenning med den behagelige lyden av vatnet som klukkar rundt brettet.

SUP yoga gir deg høve til å oppleve den flotte naturen, det vakre Bygdinvatnet og den positive energien frå alle elementa her oppe i Jotunheimen!

Gradering: Grøn (meir info)

Utstyr:

- Handkle
- Skift

Oppmøte:  DNTs turinformasjon

 

Ting billettar til SUP-yoga her!

Kurshalderar frå DNT ung vil lære korleis ein skal pakke med seg mat til lengre turar, og korleis ein skal legge opp kosthaldet på tur. Dei vil også tilberede gode rettar som er enkle å lage på tur. Høg kosefaktor!

I år kan du prøve deg på tre forskjellige kurs; Turdessert, turmat og vegetarmat på tur!

Gradering: Grøn (meir info)

Til å gjera det har vi fått oppover hallingdansar Anders Aasberg.

Du treng korkje være kar eller særleg sprek for å vera med på kurset. Noko å imponere med lærar du same kva.

Nemnde vi at både hattesparking og rævkrok er gode måtar å avgjere kven som er sprekast på?

Tidspunkt:  Fredag 11:00 - 14:00

Utstyr:  Lette klede (dropp olabukse og fjellsko om du kan).

Oppmøte: DNTs turinformasjon 

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

Ting billett her!

Sankesafari

På denne turen leiter vi etter planter med ymse bruksformål, både mat, krydder og medisin. Vi hoppar òg innom giftplanter vi møter på vegen, men fortrinnsvis let vi vere å smake på dei. Det blir neppe moglegheit for å eta seg mett på det ein kjem over i løpet av turen, men dersom du ønskar å lære korleis ein kan krydre brennevin med urtar frå fjellet er dette absolutt noko for deg!

Tidspunkt:  Laurdag 12:00 - 14:00

Blomesafari

Me går i området rundt Eidsbugarden for å sjå på blomane som finst i floraen i høgfjellet.

Tidspunkt:  Fredag 12:00 - 14:00

Høgfjellssafari
Dette er ein litt lengre tur som inneheld litt meir gange enn tidlegare års safariar. Me startar frå Eidsbugarden og går eit lite stykkje inn langs Bygdin, før me klyv opp Gravafjellet og går vidare i slakare terreng innover mot Høgbrotet. Undervegs ser me på forskjellane i flora og fauna mellom dei frodige, sørvendte liene nede ved Bygdin og det karrige høgfjellsterrenget lenger opp. Tempoet blir litt raskare enn på ein blomesafari, men framleis langt unna tinderanglarfart.

Tidspunkt: Fredag 11:00 - 13:00 

 Utstyr: 

  • Fjellsko
  • Turklede 
  • Kikkert (om du har)
  • Notatblokk kan også vere kjekt å ha med

Oppmøte: DNTs turinformasjon

Padlekurs m/DNT UNG 

Kunne du tenkje deg å padle kajakk på høgfjellet? Her får du høve til det - på sjølvaste Bygdin! Dette er eit introduksjonskurs i havkajakk etter Norges padleforbund sin mal, med godkjende instruktørar

Du vil bli kjend med havkajakken og anna utstyr som høyrer med. Etter fullført kurs får du våttkort med oblat for introkurs havpadling.

Det vil ikkje bli lånt ut våt/tørrdrakter.

Gradering: Grøn (meir info)

Utstyr:

  • Ulltøy
  • Handkle
  • Regnjakke
  • Skift
  • Drikke og litt mat

Oppmøte:  DNTs turinformasjon

 

Du kan tinge billettar til alle aktivitetane på Vinjerock her

Fleire ulike typar øl har funne vegen til Eidsbugarden, og uansett om du er ein dreven ølsmakar eller fersk i faget så vil ølsmakinga gjere deg langt betre rusta til å velje ein øl etter din smak neste gong.

VINJE BRYGGERI
Aasmund Olavsson Vinje vaks opp på garden Plassen i Vinje i Telemark. Frå same fjellkommune kjem Vinje Bryggeri, eit spennende nytt bryggeri som bruker kjente, tradisjonelle og lokale råvarer når dei utvikler sine eigne øloppskrifter.

Vinje Bryggeri inviterer deg med på ei spennende reise i smak og lokale historiar.

Herlegheita koster 300,- og du kan tinge billettar her!

 

På tur er kart og kompass din beste ven, det kan bety forskjellen på om du finn fram til hytta eller blir sovande ute. Dette kurset passar for deg som vil ha ein grei innføring i bruk av verktøy for å navigere på tur. Det er eit praktisk kurs med innlagt tur, der deltakarane blir utfordra til å finne vegen

Gradering: Grøn

Tidspunkt:  Fredag 13:00 - 15:00

Utstyr: 

  • Litt mat og drikke
  • Sitteunderlag
  • Kle etter vêret og gode sko

Oppmøte:  DNTs turinformasjon 

Ting billett til kurset her!

Fotokurs:

Dette kurset vil ta for seg korleis du forevigar gode opplevingar i naturen, nemleg korleis du kan ta fine bilete med kameraet ditt på tur. Ta med kamera, mobil med kamera, eller begge deler, og bli med på ein kort tur i nærmiljøet.

 

Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Fredag kl.12:00-14:00

Utstyr:

  • Mobil med kamera
  • Kamera
  • Sitteunderlag
  • Drikke

 Ting billett her!

Oppmøte:   DNTs turinformasjon.

 

Fleire ulike typar øl har funne vegen til Eidsbugarden, og uansett om du er ein dreven ølsmakar eller fersk i faget så vil ølsmakinga gjere deg langt betre rusta til å velje ein øl etter din smak neste gong.

SMÅ VESEN
Små Vesen er eit lokalt bryggeri fra Aurdal i Valdres. Her brygges øl med hjertet og med vekt på godt håndtverk, lagspill med dei underjordiske og inspirasjon henta frå gamal folketru. Du får ellse på ivrige lokale bryggarar som tar deg med på ein smaksreise gjennom Valdres.

Herlegheita kostar kl 300,- per person, og  du kan tinge billettar her: 

 

 

Fleire ulike typar øl har funne vegen til Eidsbugarden, og uansett om du er ein dreven ølsmakar eller fersk i faget så vil ølsmakinga gjere deg langt betre rusta til å velje ein øl etter din smak neste gong.

KINN
Kinn bryggeri stiller igjen opp og ynskjer deg velkommen til Ølsmaking på årets festival.

Om du også har ein lidenskap for gode smaker og godt øl, eller berre er nysgjerrig og har lyst til å lære mier er dette en ypparleg moglegheit mens du nyter dagane på Vinjerock.

Bli med på ein spennende smaking kor du blir betre kjent med Kinns handverksøl i engelsk og belgisk stil.

Herlegheita kostar kr. 300,- per person. Ting billettar her!