Overnatting

Lavvotellet - Vinjerock si løysing på manglande overnattingskapasitet i Jotunheimen.

Kom til ferdig oppsett lavvo torsdag kveld, og slepp styret med å pakke den nedatt sundag morgon. Det fiksar nemleg vi! Og alt etter kor mykje komfort du vil ha kan du tinge med alt frå vedfyring til feltsenger, reinskinn og liggeunderlag.

Og prisen er slett ikkje så ille heller! Om du deler ein Agalaus Lavvo med 5 andre personar kostar det ikkje meir enn kr 222,- pr pers. pr natt. Då har du både god plass (det er nemleg ein 9-mannslavvo) og vedfyring i lavvoen! Droppar du fyringa, og tek med enno fleire kompisar blir det enno eit hakk rimelegare...

Reservasjonar i Lavvotellet opnar våren 2010.

Festivalcamp

Alle med festivalpass har inkludert gratis overnatting i verdas mest idylliske festivalcamp (sjå biletet under), like ved festivalområdet. Men du har mange moglegheiter!

Det er to festivalcampar på Eidsbugarden - ein tett inntil festivalområdet, og ein ved foten av Skinneggi, nokre hundre meter unna. Det vil bli rigga toalett i tilknyting til begge campane. Hugs at eingongsgrillar og glasflasker er forbode i festivalcampane og på festivalområdet! Det blir også i år rullestolvennlig camping ved sidan av Fondsbu.

Bobil & campingvogn

Ynskjer du å ta med bobil eller campingvogn til Vinjerock blir det eigen camp på Tyinholmen, om lag 3 km frå Eidsbugarden. Det er mogleg å ta festivalbussen båe vegar. NB: Begrensa med plassar. Forhåndsbestilling til Tyinholmen, telefon 61 36 78 88. Merk: Caravanplass er ikkje inkl. i festivalpass.

Tak over hovudet?


Fondsbu
Tlf: (+47) 970 74 218
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen


Nystuen Hotel
Tlf: (+47) 61 36 74 78
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen


Tyin Booking
Tlf: (+47) 46 665 665
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen


Filefjellstuene
Tlf: (+47) 61 36 77 48
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen


Tyinkrysset Fjellstue
Tlf: (+47) 61 36 78 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen


Tyinholmen
Tlf: (+47) 61 36 78 88
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
bergans
bufar
elektromontasje
fondsbu
friflyt
jotunheimen
kulturrad
linkbingo
nationen
nystue
oppland
retura
tentipi
tyinfilefjell
valdres
vang
vangspb
vautoservice
Billettservice
Facebook
Valdres

get flash!

toppbilde53.jpg
Artistar