Ein rockefestival i Jotunheimen, sa du? Det er nok ikkje så mange av oss som hadde trudd heilt på det utsagnet for eit par år sidan, men på seinvinteren 2005 dukka ideen opp. Og etter det gjekk det slag i slag, heilt til vi 3. og 4. august skreiv eit lite stykke Norsk kulturhistorie i fjelheimen.

Vinjerock går over 3 dagar, den første helga i august. I følge erfarne fjellentusiastar er dette den mest vérsikre helga i Jotunheimen, noko vi til dei grader fekk prov på i 2006. Ved sidan av talrike konsertar, får festivalgjengarane moglegheit til å boltre seg i fjellheimen, med alt frå guida toppturar til sandvolleyball på Jotunheimen Beach. I 2007 var vérgudane i Sør-Noreg vrede mesteparten av sumaren, men vi fekk allikevel ei helg som var over snittet - i sær ein fredag som var heilt strålande.
Vinjerock er oppkalla etter Aasmund Olavsson Vinje, som var den første hyttebyggjaren på Eidsbugarden. Han var også mannen som gav Jotunheimen sitt noverande namn, og hadde det ikkje vore for han hadde neppe Eidsbugarden vore slik det er i dag. Vinje var ein mann som gjekk sine eigne vegar, og nokre har spekulert i om han ikkje må ha vore Noregs første hippie. Vi er vel ikkje heilt ueinige i den tolkinga - uansett veit vi at rockefoten hans nok trampar, der han sit oppe på Falketind og følgjer med.
Vinjerock arbeidar aktivt med mange satsingar, spesielt er tilgjengelegheit og miljøet verdt å nemne, ved sidan av den kontinuerlege jobben med å halde på den lokale forankringa. Vi har også eit samarbeid med Ungdom mot narkotika (UMN), for å markere vårt klare standpunkt mot narkotiske rusmidlar.
Eigd av:
Vinjerock BA
Besøkande i 2009:
8.800 (over 3 døgn)
Kontaktperson:
Eirik Høyme Rogn
Telefon:
(+47) 971 09 903
E-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Driftselskapet er idealistisk, og alt eventuelt overskot går tilbake i festivalen for drift og vidareutvikling.
