800 gonger hurra for Ingrid!

Det var jo fortjent som fy (og heller ikkje heilt uventa), men alikevel: Det er med stor glede vi konstaterer at årets Statoil-stipend vart tildelt fantastiske Ingrid Olava! No skal jenta, med aner frå Valdres, erobre utlandet. Men aller fyrst ventar ein tur til fjells. Og slik apropos by:Larm...


Vinjerock-delegasjonen på bransjefestivalen kan melde om ei helg kor det var tett mellom godbitane. Mellom anna leverte Vinje-aktuelle Navigators ein fantastisk konsert på Rockefeller. Det same gjorde også The New Wine, som lokka fram dansefoten hjå by:Larmarane fleire gonger i løpet av helga.

Nevnte Ingrid Olava leverte også ei perle av ein konsert, og i tillegg dukka det sanneleg opp eit par andre godbitar også, som plutseleg kan vera på veg til ein fjelltopp i sumar. Den som ventar får sjå :-) Vi synes i allefall det er kjekt å sjå at det framleis er håp for den norske musikken også i framtida, etter mange år med høg gjenbruksfaktor av norske headlinarar. Eit arrangement som by:Larm er enormt viktig for å få dei nye håpefulle opp og fram. Mengder av kudos rettast herved frå fjellheimen til arrangørane i Tigerstaden, som synte seg frå ei usedvanleg triveleg side i helga - også for folkeskye fjellgeiter.

Vi GLER oss til sol, sumar og nye store konsertopplevingar på Eidsbugarden!

Del
Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
a_alfa
b_bergans
c_vangspb
d_tyinski
d_valdresregnsk
f_vautoservice
g_bufar
h_fondsbu
i_elektromontasje
i_lomen
j_ks
j_vang
k_oppland
l_allkopi
l_linkbingo
m_nystuen
n_retura
o_kulturrad
p_tentipi
NMF
Facebook
Fairtrade
Valdres
toppbilde26.jpg
Artistar