Publisert 18. februar 2010 kl 16:35 av Eirik Høyme Rogn
Thomas Dybdahl, Hjálmar (ICL), Ila Auto og Ogobor klare for Vinjerock 2010! Variasjon med stor V er altså stikkordet for det siste artistsleppet, og vi er med dette halvvegs i mål med årets musikkprogram.

Høgst på plakaten av dei nye namna står Thomas Dybdahl, som gjennom det siste tiåret har vorte ein av Noregs viktigaste artistar. Det har heller ikkje gått upåakta hen hjå Vinjerock-publikummet.
– Vi har fått enormt mange etterspurnadar etter ein konsert med Thomas på festivalen i år, og difor er det ekstra kjekt å kunne servere denne nyhenda, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn nøgd.
Om ein ser bort frå samleplata «En samling» som kom i fjor er det snart fire år sidan det kom ei ny plate frå Stavanger-artisten, men i april kjem Dybdahls femte fullengder i butikkane, og forventingane blant fansen er skyhøge. Høyme Rogn har stor tru på dei vil bli innfridde med glans.
– Vi snakkar om ein artist som ikkje eig evne til å lage ein dårleg låt, så eg kan trygt love nydeleg stemning frå scena laurdagsettermiddagen, konstaterer han med eit smil.
Hjálmar er ikkje heilt som andre islandske band. Dei største eksportartiklane frå sagaøya har tradisjonelt gjerne vore prega av mystikk og melankoli, medan Hjálmar på si side berre handlar om fengande rytmar og god stemning – framført på islandsk. Sidan 2004 har dei lagt bak seg fire album, i tillegg til fleire samarbeidsprosjekt, mellom anna med svenske Timbuktu. Det siste i rekka, «IV», kom i fjor haust, og selde i løpet av få veker til platina på Island.
– Og det viktigaste av alt er at dei har rykte på seg for å vera eit fantastisk liveband, fortel Høyme Rogn, og slår fast at det ikkje skal vera fysisk mogleg å stå i ro når Hjálmar entrar scena.
Dei to siste artistane som er klare i denne runda er Ila Auto og Ogobor. Båe skal spele under lavvoduken på Vesle-Vinje, og festivalsjefen lovar høg temperatur og framifrå stemning. Ila Auto er kjende som Noregs beste bluegrassband, ein posisjon dei for alvor la beslag på med den sjølvtitulerte sisteskiva som kom for nokre veker sidan.
Ogobor er på si side eit lite eventyr i Vinjerockhistoria, kan Høyme Rogn fortelje.
– Dei spelte på den aller fyrste festivalen i 2006, og sidan den gong har det ikkje gått ein vinter utan uendeleg mas om eit gjensyn. No makta vi rett og slett ikkje å stå imot lengre, så i år blir det ei ny runde med gode historier frå Dovre i hiphop-drakt, ler festivalsjefen, og lovar samstundes fleire store og små artistslepp i vekene som kjem.



Tipp topp kunstauksjon - runde 2 i gang!
07. september 2010
Auksjonen er i gang!
01. september 2010
Kunstnariske smakebitar
31. august 2010
Auksjonen byrjar 1. september!
18. august 2010
Kva synes du om årets Vinjerock?
10. august 2010
Vinjerock 2010 i bilete
09. august 2010
Resultatlista frå Vinjerock:Multisport
03. august 2010
Litt praktisk på tampen...
20. juli 2010
Litteraturtilskot i festivalfloraen
19. juli 2010
Gløymt noko? Null stress!
18. juli 2010
Oppriggen er i gang!
17. juli 2010
Vi lanserer Vinjerockfondet
16. juli 2010
Ledige plassar på kurs og turar - OPPDATERT
15. juli 2010
Alfa spanderer!
15. juli 2010
Nam-nam festivalmat!
14. juli 2010
