Vinjerock best på Fairtrade!

I dag fekk vi ei real gladmelding frå Fairtrade Max Havelaar Norge: Vinjerock er kåra til årets Fairtrade-festival 2009!


Vi skal ikkje legge skjul på at vi er bittelitt stolte av dette, og det gjer oss ikkje mindre gira på å arbeide vidare med Fairtrade-produkt i fjellheimen. På lag med Fairtrade-gjengen i Noreg har vi mellom anna skipa Aasmunds Kaffebar, der heile overskotet i fjor gjekk uavkorta til sykkelgutta i Kapp til Kapp.

Ved sidan av dette har vi nytta Fairtrade-merka produkt i all mat der det har vore mogleg, og vi har inntrykk av at vårt kjære publikum set stor pris på å få god mat med rettferdige råvarer. Vonleg har det også vore triveleg å vakne opp til ein pose med Fairtrade-stæsj utanfor teltet for einkvan :-)

Vi ser fram til ein ny sumar med fruktbart Fairtrade-samarbeid. Og dersom vi skal tru på nokre av ryktene vi har høyrt nyleg så kan du vente deg mykje nytt snadder i år - i tillegg til alt du kjenner frå før!

Les meir på fairtrade.no.

Del
Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
a_alfa
b_bergans
c_vangspb
d_tyinski
d_valdresregnsk
f_vautoservice
g_bufar
h_fondsbu
i_elektromontasje
i_lomen
j_ks
j_vang
k_oppland
l_allkopi
l_linkbingo
m_nystuen
n_retura
o_kulturrad
p_tentipi
NMF
Facebook
Fairtrade
Valdres
toppbilde51.jpg
Artistar