Publisert 18. desember 2009 kl 11:00 av Eirik Høyme Rogn
Veka er snart omme, og siste namn ut frå oss i denne omgang er dei lokale heltane i Staut!

Uhorveleg mange Vinjerockarar har bedt om å få desse karane til fjells neste sumar, og det kunne vi rett og slett ikkje oversjå. No høyrer det i tillegg med til historia at vi her snakkar om eit kompani av drivande gode musikarar, og det gjorde sjølvsagt ikkje avgjerda vanskelegare.
Bandet har ei kort historie. Den går faktisk ikkje lengre attende enn til i vår, men på rekordtid har dei markert seg godt. Platekontrakta er i boks, og debuten kjem ut på nyåret. Kanskje har du allereie høyrt dei på radioen, for der har dei nemleg sunge mykje om ei vallersbrur som mellom anna er med på tur til Eidsbugarden. Perfekt for Vinjerock, med andre ord!
Følg med på Staut framover, dei kjem til å gjere det stort. Og vi lovar drivande god stemning når dei står på Store-Vinje laurdag 24. juli 2010!
Ha ei retteleg god helg, og ein framifrå juleinnspurt :-)



Auksjonen er i gang!
01. september 2010
Kunstnariske smakebitar
31. august 2010
Auksjonen byrjar 1. september!
18. august 2010
Kva synes du om årets Vinjerock?
10. august 2010
Vinjerock 2010 i bilete
09. august 2010
Resultatlista frå Vinjerock:Multisport
03. august 2010
Litt praktisk på tampen...
20. juli 2010
Litteraturtilskot i festivalfloraen
19. juli 2010
Gløymt noko? Null stress!
18. juli 2010
Oppriggen er i gang!
17. juli 2010
Vi lanserer Vinjerockfondet
16. juli 2010
Ledige plassar på kurs og turar - OPPDATERT
15. juli 2010
Alfa spanderer!
15. juli 2010
Nam-nam festivalmat!
14. juli 2010
Ekstratur til Falketind!
12. juli 2010
