Ølvøtt-pakkene utseld på 10 minutt!

Det er heilt tydeleg at erfarne Vinjerockarar har merka seg behovet for ein god ølvøtt, for når salet byrja klokka ti i dag var det mange om beinet. Det vil seie; salet skulle opna klokka ti, men på grunn av enorm trafikk byrja serveren vår å hyperventilere, og det meste gjekk beint åt skogen ei lita periode.


Men det er utruleg kva som går seg til. Etter ei lita intensiv periode med kjærleik og oppmuntring, samt litt påfyll av energikjeks (les: minne), så var serveren på ny klar til dyst - og denne gongen gjekk det langt betre! I løpet av ti minutt var alle ølvøttane borte vekk, og i dagane som kjem legg julegåver frå Aasmund på veg ut til heile Noreg - frå Fauske i nord til Kristiansand i sør :-)

Om du var blant dei som trykka forgjeves utan å kome nokon veg kan vi trøste med to ting: Det ordinære billettsalet byrjar om eit par månaders tid, og om du får tak i ein billett der så kan du strikke din eigen ølvøtt i Aasmunds strikkepub til sumaren! Då stiller nemleg Vinjestrikkarane opp for å lære bort sine kunster til strikkehungrige fjellrockarar.

Vi sjåast til sumaren - ha ei framifrå adventstid så lenge :-)

Del
Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
a_alfa
b_bergans
c_vangspb
d_tyinski
d_valdresregnsk
f_vautoservice
g_bufar
h_fondsbu
i_elektromontasje
i_lomen
j_ks
j_vang
k_oppland
l_allkopi
l_linkbingo
m_nystuen
n_retura
o_kulturrad
p_tentipi
NMF
Facebook
Fairtrade
Valdres
toppbilde44.jpg
Artistar