Publisert 04. desember 2009 kl 23:05 av Eirik Høyme Rogn
Saman med Bufar Råd & Rekruttering AS har vi dei siste vekene leita etter ein produsent og teknisk leiar for festivalen. No er mannen funnen! Boye Olav Skøre heiter han, og du har ganske sikkert sett han på Vinjerock tidlegare. Gjennom åra har han nemleg vore aktiv som både deltakar, sponsor og frivillig.
Boye er ein ekte vangsgjelding, aktiv og engasjert. Ved sidan av stillinga i 60% for festivalen held han fram som gardbrukar og varaordførar i Vang kommune.
Bufar og Vinjerock har gått gjennom ein spanande og krevjande tilsetjingsprosess, der valet til slutt fall på Boye. Vi har hatt mange gode kandidatar å velje mellom på vegen, og er storfornøgde med resultatet. Vi er glade for å erkjenne at så mange kvalifiserte kandidatar vil jobbe i Vang og med Vinjerock.
Vi gler oss til å jobbe med Boye, og ynskjer han lukke til! Samstundes vil vi rette ein stor takk til Bufar for utmerka samarbeid i prosessen :-)



Tipp topp kunstauksjon - runde 2 i gang!
07. september 2010
Auksjonen er i gang!
01. september 2010
Kunstnariske smakebitar
31. august 2010
Auksjonen byrjar 1. september!
18. august 2010
Kva synes du om årets Vinjerock?
10. august 2010
Vinjerock 2010 i bilete
09. august 2010
Resultatlista frå Vinjerock:Multisport
03. august 2010
Litt praktisk på tampen...
20. juli 2010
Litteraturtilskot i festivalfloraen
19. juli 2010
Gløymt noko? Null stress!
18. juli 2010
Oppriggen er i gang!
17. juli 2010
Vi lanserer Vinjerockfondet
16. juli 2010
Ledige plassar på kurs og turar - OPPDATERT
15. juli 2010
Alfa spanderer!
15. juli 2010
Nam-nam festivalmat!
14. juli 2010
