Publisert 04. november 2009 kl 18:21 av Eirik Høyme Rogn
Valdres er Noregs mest tettpakka og varierte festivalregion, og om du lengtar attende byr november på både matopplevingar og verdseliten på ski!

Fyrst ute er Norsk Rakfiskfestival, som går av stabelen på Fagernes no til helga. Erkenorsk mattradisjon krydra med folkefest og musikk står på agendaen, og på programmet i Storteltet finn du blant andre gamle Vinjerock-travarar som Strandingarna og CC Cowboys! Heile 25.000 forvillar seg til Fagernes denne novemberhelga, og vi kan love at du får ei festivaloppleving du seint vil gløyme.
Helgene etter brakar det laus på Beitostølen. 13.-15. november går Beitosprinten av stabelen, med landets elite innan langrenn og skiskyting på medaljejakt i løypene. Helga etter er det World Cup-opning i dei same løypene, og det er ikkje ofte eit slikt stjernegalleri er samla i bygde-Noreg.
Vi håpar å sjå deg i Valdres i vekene som kjem!



Tipp topp kunstauksjon - runde 2 i gang!
07. september 2010
Auksjonen er i gang!
01. september 2010
Kunstnariske smakebitar
31. august 2010
Auksjonen byrjar 1. september!
18. august 2010
Kva synes du om årets Vinjerock?
10. august 2010
Vinjerock 2010 i bilete
09. august 2010
Resultatlista frå Vinjerock:Multisport
03. august 2010
Litt praktisk på tampen...
20. juli 2010
Litteraturtilskot i festivalfloraen
19. juli 2010
Gløymt noko? Null stress!
18. juli 2010
Oppriggen er i gang!
17. juli 2010
Vi lanserer Vinjerockfondet
16. juli 2010
Ledige plassar på kurs og turar - OPPDATERT
15. juli 2010
Alfa spanderer!
15. juli 2010
Nam-nam festivalmat!
14. juli 2010
