Lyst til å jobbe med Vinjerock?

For å kunne vidareutvikle den glade festivalen i fjellheimen jaktar vi no etter ein Teknisk leiar/Produsent i 60% stilling. Vi treng også arbeidsglade folk til å hjelpe oss med andre oppgåver i festivalleiinga før og under festivalen. Blir du med oss på laget?


I stillinga som Teknisk leiar/Produsent er du hovudansvarleg for den praktiske og tekniske gjennomføringa av festivalen. Ved sidan av dette har du hovudansvaret for å halde styr på all infrastrukturen rundt arrangementet, og du vil styre mange forskjellige prosjekt vi arbeider med no og i framtida. Vinjerock er ein festival som aldri står stille, vi er stadig på veg mot nye fjelltoppar!

Du vil arbeide tett saman med festivalsjefen, og dei andre i festivalleiinga (som i all hovudsak er frivillige). NB: Stillinga kan bli utvida etter kvart.

Ynskjer du å veta meir om stillinga, eller søkje på den, klikkar du deg inn på www.bufar.no. Lukke til!

Andre verv

Vinjerock-organisasjonen utviklar seg stadig. Nokre må trappe ned grunna studier og jobb, medan andre tek over nye verv i leiinga. Difor er vi no på jakt etter Transportsjef og Vaktsjef til neste års, og seinare, festivalar. Dette er ikkje lønna verv, men til gjengjeld får du stor innflytelse på festivaleventyret i Jotunheimen, og du blir del av ein fantastisk stab.

Vi legg også vekt på at du som gjer ein dugnadsinnsats for festivalen skal få mykje att for det på andre måtar, både sosialt og fagleg:

  • Stort seminar for leiinga på vinteren, med høgt fagleg og sosialt fokus
  • Vinje Rockehøgskule samlar alle frivillige og leiarar tidleg på sumaren, både for å lære, og å bli lærde - og ikkje minst kjende med kvarandre
  • Evalueringstur på hausten
  • Julebord, såklart!
  • Du kan få relevante kurs/sertifiseringar dersom det er aktuelt
  • Som ein del av Vinjestaben har du høve til å ta del i utvekslingsturar til andre festivalar gjennom heile året

Arbeidsmengda varierer noko frå verv til verv, men for desse to vil den største jobben i hovudsak vera under sjølve festivalavviklinga.

Om du har spørsmål, eller ynskjer meir informasjon, ta kontakt med festivalsjef Eirik Høyme Rogn på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Del
Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
a_alfa
b_bergans
c_vangspb
d_tyinski
d_valdresregnsk
f_vautoservice
g_bufar
h_fondsbu
i_elektromontasje
i_lomen
j_ks
j_vang
k_oppland
l_allkopi
l_linkbingo
m_nystuen
n_retura
o_kulturrad
p_tentipi
NMF
Facebook
Fairtrade
Valdres
toppbilde38.jpg
Artistar