Besøksrekord på opningsdagen

Vinjerockarar let seg ikkje stoppe av ei regnskur eller tre! Aldri tidlegare har det vore så mange på opninga av Vinjerock. Sjølv om Jotunheimen viste vrangsida torsdag kveld, så var stemninga skyhøg i den stappfulle storlavvoen.

Omlag 1900 publikummarar trassa regn og ein litt småsur vind. Som løn for strevet fekk dei høyre lågmæld pop frå Petter Carlsen, og ein drivande konsert med El Cuero, eit band som spelar det dei sjølve kallar ”stratosfærisk og skitten powercountry”.

I dag, fredag, tek festivalen til for alvor, med aktivitetar og konsertar frå tidleg på dagen. Festivalprogrammet er rett nok litt forandra på grunn av dei utrygge vermeldingane. Dei mest spektakulære fjellturane må setjast ut, og fjelltoppkonserten med Valkyrien Allstars blir  flytta frå fjeltoppen Utsikten til scenen på Eidsbugarden.

I kveld skal veret letne, og i morgon lovar meteorologane godver. Tre tusen entusiastiske festivaldeltakarar gler seg til resten av helga!

Foto: Iris Engen Skadal/Vinjerock.

Del
Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
a_alfa
b_bergans
c_vangspb
d_tyinski
d_valdresregnsk
f_vautoservice
g_bufar
h_fondsbu
i_elektromontasje
i_lomen
j_ks
j_vang
k_oppland
l_allkopi
l_linkbingo
m_nystuen
n_retura
o_kulturrad
p_tentipi
NMF
Facebook
Fairtrade
Valdres
toppbilde21.jpg
Artistar