Er du kokk og drøymer om ein annleis sumarjobb? No har du sjansen! 

Sist oppdatert 10. mai 2023

På Bygdins vestre breidde, 1060 m.o.h finn du festivalen Vinjerock på Eidsbugarden. Her skal 3000 festivaldeltakarar og 750 frivillige få deilig mat produsert av lokale råvarer frå Vang og Valdres gjennom tre dagar med herleg musikk og freistande aktivitetsprogram. 

Vinjerock kjøper inn lokale råvarer gjennom året og om lag 100 frivillige er i sving for at alle skal verte gode og mette gjennom festivalen. Me byggjer vårt eige kjøken, og nokre av rettane er forprodusert hjå lokale restauranter. 

For at organiseringa av kjøkkenet skal vere så bra som mogleg søker Vinjerock no etter 8 kokkar som kan drive produksjonslinjene i matserveringa vår. Som kokk for Vinjerock vil du arbeide tett under matsjef og bevertningssjef og vere med å sikre at maten vert behandla på riktig måte og kjem effektivt ut til festivaldeltakarar og frivillige. 

Oppdragsperiode: 18.-23. juli

Stad: Vinjerock på Eidsbugarden i Vang i Valdres

Me kan tilby: 
Mat medan du er på jobb
Honorar etter avtale 

Opplysning å ta omsyn til:
Eidsbugarden er eit fjellområde med få overnattingsplassar. Kokkane vert venta å overnatte i eige telt på lik linje med andre frivillige og festivaldeltakarar. 

Send ein søknad i dag!

Ynskjer du å høyre meir om hva det inneber å vere kokk for Vinjerock, eller søkje på oppdraget? Ta kontakt med bevertningssjef: mia@vinjerock.no