Me skal ikkje lyge, det kan bli kaldt 1060 m.o.h. og då er det ull som gjeld! Med heimestrikk i Vinjerock-mønster vil du garantert bli ein av dei best kledde i fjellet til sommaren.

Sist oppdatert 22. januar 2024

I dei mørke og lange vinterdagane framover passar det godt med eit inneprosjekt. Då kan du jo sete i gang produksjonen av festivalantrekket.

Kanskje har du noko restegarn liggande som kan passe til eit panneband eller eit par sokkar? Den stilige lua kan vere god å ha i dei seine nattetimane på Eidsbugarden. Og om du er ein dreven strikkar eller vil prøve deg på eit litt større prosjekt kan du strikke deg ein vinjerock-genser!

Oppskriftene er laga av Strimastrikk ved Marit Gjærdingen og du kan laste dei ned heilt gratis. Sjølve jobben må du gjere sjølv, eller få nokon kyndige til å hjelpe deg.

Me gler oss til å sjå dykk i heimestrikk på festivalen. Lukke til!

 

Last ned oppskriftene!

Vinjerockgenseren

Vinjerock-luva

Vinjerock-panneband

Vinjerock-føslo

Om du slit med å få lasta ned, send ein mail til post@vinjerock.no så sender vi!