Drøymer du om å kombinerer festival, musikk og naturopplevelser? Me søker ny festivalsjef! 

Sist oppdatert 06. mai 2022

Sumaren 2022 skriv festivalen Vinjerock atter ein gong historie. Festivalen er som alltid utseld på få sekund, og det trufaste Vinjerock-publikummet skal få betalt til det fulle for ventetida.

Vinjerock er store opplevingar i enda større omgivnader. Me samlar årleg eit stort publikum, landets fremste artistar og ein fantastisk stab og frivillige i Jotunheimen. Vinjerock skal flytte grenser over tregrensa, og då treng vi dei beste folka.

Drøymer du om å flytte nærare fjell og natur? Om å ha skiløyper, 2000-meterstoppar og stiar utanfor stovedøra? Om å ha ein inspirerande jobb i eit kreativt kontorfelleskap i fagre Vang i Valdres? Då er det deg me leiter etter. Få stillingar kombinerer festival, musikk og naturopplevelser som ein jobb i Vinjerock gjer. 

Etter årets Vinjerock takkar festivalsjefen av, og rundar av nokre år med lunkne tilhøve for festivalar med eit smell. Det betyr at det er ein kontorplass ledig i Vang i Valdres, for den som vil ha ein av dei mest spanande stillingane i festival-Noreg. 

Me leiter etter ein person som vil halde fram med å gjera Vinjerock til ein festival som både lagar fest og moro, bidreg til lokalsamfunnet og stadig utvikler oss innan verdiane våre.  

Me leiter etter ein festivalsjef som ser moglegheiter, som har begge beina godt planta i fjellskoa, som drøymer om å endre verda og som ikkje er redd for å stå ute i vind og vêr saman med resten av gjengen når det røyner på.

Stilling ledig: Festivalsjef for Vinjerock

Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Musikken er grunnmuren i festivalen, men turar, aktivitetar og lokalmatopplevingar er viktige brikker i totalopplevinga Vinjerock. 

Festivalen søker no etter ny festivalsjef til 100 % fast stilling.

Arbeidsoppgåver:

Som festivalsjef har du det øvste ansvaret for leiing og utvikling av festivalen - som har 700 frivillige, en stab på 30 personar og ein administrasjon (3,4 årsverk fordelt på leiar, økonomi, booking, markedsføring, område, sal) som tenkjer og jobber med Vinjerock heile året. Saman med administrasjonen gjennomfører du arrangement i lokalsamfunnet gjennom heile året, og utviklar nye konsept for Vinjerock. 

Vinjerock har fem verdiområde med særleg fokus:

  1. Kultur- og naturglede
  2. Nynorsk
  3. Lokalt rotfeste
  4. Openheit
  5. Berekraft og inkludering

Me søker deg som:

  • Har samlande evner og gode leiareigenskapar
  • Er engasjert, har god evne til samarbeid og er fleksibel med omsyn til arbeidstid
  • Har erfaring med produksjon av arrangement.
  • Har erfaring med økonomi og/eller god økonomisk forståing
  • Er visjonær og som ønsker å gjera festivalen stadig betre i samarbeid med stab og frivillig
  • Brenn for å jobbe med våre fokusområde

Vinjerock har kontorplass i Vang og med vår lokale forankring er det også naturleg at vår festivalsjef bur i vakre Vang i Valdres. 

Me tilbyr:

  • Spanande stilling i ein etablert og suksessrik festival
  • Arbeidsplass er på Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres
  • Lønn etter avtale

Tiltredelse 1. september eller etter avtale, det er ein fordel om søkjar kan vere med under årets festival og observere. 

Søknadsfrist 27.05.22

Søknad og CV sendast per e-post til styreleiar Lars Tefre Baade lars@vinjerock.no. Ltbaade@gmail.com

Spørsmål om stillinga kan rettast til same e-postadresse eller på telefon: 92246426