Nokon dansar helst linjedans, andre swing og nokon berre let kroppen flyte avgårde til musikken. Her finn alle  noko dei kan svinge kroppen til!

No. 4, SKAAR, Embla and the Karidotters og Morstaq er klare for å ta turen til fjells i sumar.

Sist oppdatert 08. mars 2023

NO. 4

Bandet som har gått gradane frå intimkonsertar for venners venner via støvete klubbkonsertar og Rockefeller, Operahuset, hovedscene på Øyafestivalen og Oslo Spektrum kjem endeleg attende til Vinjerock.

Emilie Christensen, Ingeborg Marie Mohn og Julia Witek utgjer eit av Norges mest populære og elska band, nemleg No. 4. Dei er lyden av kvardag og fest, har hanka inn heile tre Spellemann-nominasjonar og lovar allsang, dans og elektrisk stemning når dei inntek scena på Eidsbugarden!

Foto: Jonathan Vivaas Kise 

 

SKAAR 

Bak artistnamnet SKAAR finn med Hilde Skaar frå Stord. Ho slapp sin debut-EP The Other Side Of Waiting i 2020 og har hausta nominasjonar i aust og vest for sin energiske og hardtslåande pop, mellom anna til Spellemann i kategoriane Årets pop og Årets nykomar og Årets nykomar på P3 Gull. Artisten som har hausta lovord både frå nasjonal og internasjonal presse er ho klar for ny musikk og Vinjerock! 

Foto: Martin Bremnes

 

EMBLA AND THE KARIDOTTERS

Etter 13 år som trommis for indieheltane i Razika kan Embla Karidotter endeleg dyrke sin livslange kjærleik for country og americana. Embla har no flytta seg fra bak trommesettet til framst på scena og med seg har ho det beste backingbandet ein kan få - nemleg The Karidotters. 

Dei gjev oss låtar me alle treng, om hjartesorg, drikking, kjærleik og om det å forlate heimbyen. Det Spellemannsnominerte debutalbumet Hello, I’m Embla kom i 2022 og hausta mykje ros frå kirtikarar over heile landet. Det er berre å begynne å øve på linjedansen, her skal me få køyrd oss.

Foto: Hakan Foss 

MORSTAQ

Morstaq er ein multimediaartis (LIAR) og DJ som held til i Oslo, frå festivalscenar rundt omkring i det ganske land har ho servert glede blanda med UK Garage, ein haug med gulity pleasures, melodisk elektronika og kva enn ho ellers er i humør for. Forvent ein uforgløymeleg kveld dansande på Eidsbugarden! 

Foto: Phylis Darkowah Boateng