Dei siste artistane er på plass, velkomen til fjells Signe Marie Rustad, Drongo, Blomst, Indieseksuell + Lisa&Lisa og Aasmund Nordstoga!

Sist oppdatert 11. mai 2023

SIGNE MARIE RUSTAD

“Hello It´s Me” syng Signe Marie Rustad med si varme og utrykksfulle stemme. Og med det er Spellemann-vinnaren attende, knappe tre år sidan suksessen When Words Flew Freely. 

Ho vitjar Vinjerock for fyrste gong til sumars og med seg har ho det kritikerrosa albumet Particles of Faith - eiit album som slo underteikna i bakken. Når ein kjenner lukta av lyng, sola skin over Eidsbugarden og varmar fjellkroppen er det nettopp Signe Marie Rustad me vil høyre på. 

Foto: Marthe Amanda Vannebo

 

DRONGO

Kva skjer når du sett saman ei blanding av space disco, krautrock og technoestetikk? Jo du får Drongo, eit åttemannsorkester det er omogeleg å ikkje danse til - tru oss, me har prøvd! Musikken deira har blitt heidra i riksdekkande media som P3 og VG, og omtalt på obskure musikkbloggar verda over. No er dei klare for tvinge dansen ut av Vinjerockarane (det blir vel ikkje ei vanskeleg oppgåve). Velkomen til fjells gutar!

Foto: Olav Vikingstad

 

BLOMST

Bandet som levert norsk punkrock i heile 13 år er endeleg klare for å ta ruren til Vinjerock for fyrste gong. Blomst er kjende for uhøgtidelege konsertar fullpakka av energi, leda av vokalist og gitarist Ida Dorthea Horpestad i front. Bandet leverar glosar om livets ærligheiter, om å ha sjølvtilliten til ein lastebil, minnes ungdomstida og sjølvsagt er kjærleiken og eit tema. 

Me gler oss til dei skal rocke laus Vinjerockarane!

 

INDIESEKSUELL + LISA&LISA 

Indieseksuell har sidan 2010 vore blant landets fremste kva gjeld skeiv og vindskeiv pop, og laga vill stemning på klubbar og festivalar rundt omkring i både inn- og utland. Til og med popdronninga Robyn har uttalt at Indieseksuell er blant favorittane, og da er det fakta!

DJ Lisa & Lisa traff kvarandre  på ein mørk og snuskete bar i 2012, og har sidan overraska dansegolv og gater i Paris, Oslo, Hemsedal og Træna med sin eklektiske miks av elektronisk pop, techno, RnB og house. Forvent det uforventa, med høge hælar og låg moral. 

Då Indieseksuell og Lisa & Lisa traff kvarandre på ei scene for fyrste gong for nokre år sidan oppstod det rein magi. Musikalsk sett eit drømmetreff med null hemningar, og ei sjeldan hending me gler oss til å danse med til ut i den siste Vinjerock-natta i sumar!

 

 

AASMUND NORDSTOGA I VINJEBUE

Så mykje meir enn “No ser eg atter fjell og dalar”, men sjølvsagt det også.

Møt vandrar og diktar, debattant, skribent og - hytteeigar Aasmund Olavsson Vinje i eigne ord og andres tonar. Framført av sambygding og namnebor Aasmund Nordstoga i tett musikalsk samspel med gitarist Åsmund Reistad. Ei akustisk forteljing i diktarens eiga fjellbu - i hans eigen Jotunheim.

Musikar Aasmund Nordstoga har blitt nominert til Spellemannspris heile to gonger. Som regel vil publikum få servert både alvor og skjemt. Uhøgtidleg og laus snipp, men med ei seriøs tilnærming til stoffet, kan kanskje vera ein god karakteristikk av ein konsert med Aasmund.

Foto: Gudrun Kristine Semons