Daufødt kjem til Eidsbugarden for fyrste gong! 

Sist oppdatert 23. november 2021

Med seg i fjellsekken har dei debutalbumet 1000 Island som dei vann Spellemannsprisen «Årets Rock Album» for. Bandet er kjende for å ta eit oppgjer med hykleri og dobbeltmoral, religion og ikkje minst med gamle gubbar som oppheld seg i eit Ingenmannsland. Ifølge dei sjølv er konsertane deira ein orgie av frigjort energi av frustrasjon som blir til fryd. Førebu deg på ein musikalsk knyttneve du seint vil gløyme. Me gler oss!

Foto: Brage Pedersen