Det byrjar bli varmare i veret, dagane er lysare og festivalsommaren kjem stadig nærare - då er det deilig å sleppe tre nye namn til Vinjerock 2022. Sondre Lerche, Aiming For Enrike og Ora The Molecule, velkommen til fjells!

Sist oppdatert 25. mai 2022

SONDRE LERCHE

Sondre Lerches nyaste album Avatars Of Love har blitt hylla som eit av Norges beste album gjennom tidene - eit album han sjølv ikkje hadde trudd han kunne lage. Dette kun to år etter at han gav ut det kritikerrosa albumet Patience, som han fekk heile tre Spellemannpris-nominasjonar for. Lerches konsertar er kjenneteikna av ein enorm formidlingsglede, sterke tekstar og ei oppleving ein seint gløymer. Tida kan ikkje gå fort nok til sommar og Sondre Lerche på Vinjerock, velkommen til fjells!

Foto: Tonje Thilesen

 

ORA THE MOLECULE

Ora the Molecule kjem til Vinjerock, bandet som har blitt samanlikna med mellom anna The Knife, Fleetwood Mac og Lykke Li. Bandet som i 2021 slapp debutalbumet Human Safari har dei sista åra fått mykje merksemd både i og utanfor Noreg med sin leikne og dansbare pop, ironiske tekstar og fengande melodiar ein ikkje får ut av hjernebarken. Inntil nyleg budde dei i Spania og har turnert rundt omkring i heile verda, no har dei (heldigvis) emigrert heim til Noreg og gler seg til å spille til fjells på Vinjerock.

Foto: Jonathan Vivaas Kise 

 

AIMING FOR ENRIKE 

Aiming For Enrike har i mange år turnert over heile verda med sine frenetiske, ville og engasjerande konsertar. Duoen har bevegd seg meir og meir mot klubben og dansegolvet og slapp i 2020 albumet Music For Working Out, eit album det er umogeleg å halde fotane i ro til. Me nokon solide nikk til Talking heads, Mr. Oizo og 80s sience-fiction gler me oss til dei tek med seg sitt retro-futuristiske univers til Vinjerock i sommar.

Foto: Anne Valeur