Reis kollektivt til og frå Vinjerock

Billettar til ubekymra festivaltransport ligg ute no! 

Ubekymrabussane går tur/retur Oslo, Sandvika, Trondheim og Bergen - strake vegen inn til Eidsbugarden. Hovudmålsetjinga er å gje vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd mot festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli. 

Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på bussen, som hentar deg på din lokal busstasjon torsdag morgon. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, før du kan slenge sekken på ryggen og rusle bort til festivalcampen.

Og det beste? På syndag kjem du heilt heim frå Eidsbugarden, utan å tenkje på skyttelbuss, rutebussar eller kvar du parkerte bilen. 

Det ligg både tur/retur-billettar og enkeltbillettar ute! Finn billetten din hjå TicketCo! 

Ubekymrabussane er eit samarbeid med Valdres Sparebank.