Viktig info om billettsleppet fredag 30. november 2018

Festivalpass til Vinjerock 2019 vert lagt ut kl 12:00 på Ticketmaster.no

Som mange fekk med seg, opplevde Vinjerock ein del tekniske problem under onsdagens førehandssal til medlem av DNT. For å hindre at dette skjer igjen, vert festivalpassa til Vinjerock 2019 lagt ut hjå www.ticketmaster.no kl 12:00, fredag 30. november 2018.

BILLETTSALET FINN DU HER 

Om salet av festivalpass til DNT-medlem onsdag 28. november

Onsdag fekk nokon DNT-medlem kjøpt billett, og resten av dei tilgjengelege billettane blei reservert. Dei som fekk reservert billettar har fått tilbod frå TicketCo om å gjennomføre kjøpet. Det vil seie at festivalpassa til DNT-medlem er utseld. Om du ikkje har fått  ein epost frå TicketCo i løpet av dagen, torsdag 29. november, vil det diverre seie at du ikkje fekk kjøpt billett gjennom DNT-salet. 

Armbandet er adgangsteiknet til festivalen

Uavhengig om du har kjøpt billett frå TicketCo i går, eller kjøper hjå Ticketmaster i morgon, er det fortsatt armbandet som gjelder som adgangsteikn til sjølve festivalen. Dette sender me til dykk i juni 2019. Det er difor viktig at adressa du nytta hjå billettleverandøren er riktig.

Kjøpt billett gjennom TicketCo

Du la til adressa di ved kjøpet av billetten. Om du ynskjer å endre denne, ta kontakt med TicketCo på support@ticketco.no  Frist for dette er 1. mai 2019.

Kjøpt billett gjennom Ticketmaster

Me hentar ut adressa di frå «Min side» på Ticketmaster 2. mai 2019. Difor er det viktig at du i tidsrommet 30.04.19-03.05.19 har riktig adresse registrert på sida di hjå Ticketmaster.

Alder og armband

I kjøpsprosessen får du spørsmål om nokon av armbanda skal verte nytta av nokon under 18 år. Om dei skal det, er det viktig at du svarar ja på dette og fortel oss kor mange «barnearmbånd» du treng. Når du kjem på festivalen vil det gjennomførast ein ID-sjekk. Om du har bestilt feil armband er det viktig at du tek kontakt med enten TicketCo eller Ticketmaster for å få oppdatert denne infoen innan 01.05.2019.