Slik får du att restbeløpet på armbandet!

Festivalen er slutt og du har pengar att på kontoen din. Kva gjer du? 

Det heile er faktisk ganske så enkelt!

Om du har overført pengar via nett og mobil, vil det du måtte ha til overs bli overført attende til bankkontoen du har brukt til å betale med.

Har du fylt opp kontoen ved hjelp av besøk i infoteltet, må du gjere ein liten innsats for å sikre økning på kontoen din. Gå inn på:  https://vinjerock.pay.intellifest.com, trykk på «refusjon» og fyll ut namn, kontonummer og namn på banken.

Det kostar ingenting å få att pengane du har til overs!

Sjå  www.vinjerock.no/armband for meir info 

OBS: For å få att pengar må du ha registrert armbandet ditt. Gå inn på nettsida, trykk på «registrer armband» og «jeg har armbånd». Her må du skrive inn nummera som står på baksida av chipen, både det lange og det korte. 

Automatisk refusjon

For dei av dykk som har moglegheit til automatisk refusjon vil den automatiske refusjonen bli kjørt i løpet av dagen, det betyr at de bør ha pengane på konto innan 2-3 virkedagar.

De vil og få ein kopi av transaksjonen på mail-adressen de er registrert med hos Intellipay.

Manuell refusjon

Alle som ikkje registrerte armbandet sitt på nett og lasta opp pengar gjennom Intellipay sine sider før og under festivalen må gjera det no for å få refusjon. Sjå framgangsmåte lengre opp i artiklen. Når de har fylt inn bankinformasjon tar det som regel eit par veker før vi får gjennomført transaksjonen manuelt.

Vi køyrer transaksjonar kvar veke den fyrste månaden, og etter dette, ein gong i månaden.