Ver på vakt mot svindlarar

Bruk sunn fornuft, og ikkje la deg lure av uærlege sjeler om du prøver å få tak i festivalpass til Vinjerock 2019. 

Festivalpassa til Vinjerock er populære, og diverre veit me at det finst svindlarar der ute. Hugs difor på dette viss du no prøver å få tak i festivalpass:

For å sleppa inn på festivalen, må du ha festivalarmband. Dei som har kjøpt billett, får festivalarmband i posten i juni. Det er ikkje nok å ha ordrebekreftelse på e-post.

Difor: Ikkje kjøp billett av nokon viss du ikkje er sikker på at du får festivalarmbandet av dei i juni. Altså, at du kan møta seljaren personleg og få armbandet i handa i juni. 

Alt kjøp og sal av festivalpass utanom dei offisielle kanalane skjer på eige ansvar. Bruk sunn fornuft!

Det betyr likevel ikkje at håpet om å få festivalpass til Vinjerock 2019 er ute:

  1. TicketCo har lansert ei sikker løysing for vidaresal av billettar. Det betyr at billettar som er kjøpt på TicketCo, kan seljast vidare til andre. Det gir deg ein sjanse til å kjøpa festivalpass utan å bli lurt. Dette er altså festivalpass kjøpt på DNT sitt førehandssal.
  2. Hovudsalet av festivalpass til Vinjerock var på Ticketmaster. Dei jobbar med å få på plass ei tilsvarande løysing for billettar kjøpt gjennom dei. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Elles oppmodar me folk om å melde seg som frivillig på Vinjerock! Søknadsskjemaet onar siste veka i januar, og du finn det her.