Unngå svindel når du vil ha tak i Vinjerock-billett

Vit kven du handlar av, er første regel om du prøver å få tak i Vinjerock-billett.

Det strøymer inn med meldingar på veggen vår på Facebook frå folk som ynskjer å kjøpe festivalpass til Vinjerock 2018. Det er kjekt at mange vil dele festivalen med oss! Dessverre fører interessa også til at uærlege folk grip sjansen til å lure til seg pengar. 

Som hovudregel anbefaler Vinjerock kun billettkjøp hjå Ticketmaster, kjøp frå alle andre aktørar skjer på eige ansvar.

Ver lur - ver klar over at kun armbanda som blir sendt ut i juni er gyldige som festivalpass! Ein ordrebekreftelse på e-post gir deg ingen inngangsbillett. No skriv vi berre februar, så per i dag er det ingenting å selge som kan gi deg inngang på festivalen. Er du med?

Her kjem fleire råd til deg som prøver å kjøpe festivalpass:

1. Vit kven du kjøper frå!

Det er Ann Kristin Rasch frå Finn.no sitt viktigaste råd til dykk.

- Prøv personleg oppmøte, sjekk vurderinga frå andre kjøparar på Finn.no, og om du er usikker kan du også ta kontakt med oss i finn for å spørje om vi meiner brukaren er trykk, seier Rasch.

2. Styr unna ukjente betalingsløysingar med namn som Ukash, Viago, Paysafe/Paysafecard og liknande.

Betalar du på forskot og ikkje får armandet i posten i juni, så er det lite du kan gjere for å få att pengane.

3. Møt seljaren personleg

Det sikraste du gjer er å få armbandet i handa, og betale seljaren gjennom nettbank på mobil slik at seljaren ser at det blir gjort. 

4. Meld deg som frivilleg!

Då får du festivalarmband når du kjem til festivalen, eit lass med gode venner og insideinformasjon om korleis ein festival blir bygd. Det er festleg!

Skulle du vere uheldig og oppleve svindelforsøk, send mail til oss på post@vinjerock.no slik at vi får vite så mykje som mogleg om desse svindelforsøka.