No kan du fylle pengar på armbandet ditt!

Armbandet brukar du til å betale for mat og drikke på Vinjerock. Men først må du ha pengar på det, og her kjem oppskrifta. 

Viss du følgjer denne lenka, finn du instruksjonen på korleis du opprettar brukar og legg inn pengar på armbandet ditt:

Fyll på armbandet ditt her

Inne på profilen din kan du fylle opp pengar, sjekke kjøp, stille inn automatisk påfyll av pengar, laste ned kvitteringer, deaktivera mista armband (men det vil jo ikkje skje!), søke om refusjon av resterande beløp og meir til!

Med andre ord ber du «lommeboka» rundt handleddet og slepp å passe på eit kort i tide og utide.

Kan eg opprette ein konto sjølv om eg ikkje har armband enno?

Ja, du kan allerede no opprette ein konto slik at det går radigare når du skal registre armbandet. Men du får ikkje fylt på pengar på kontoen før armbandet er knytt til kontoen. 

Korleis fylle på kontoen:

Du kan fylle opp kontoen på to måtar:

Anten ved å overføre pengar til kontoen på førehand, via nettsida (dette føreset at du har Ticketfast-billett med lesbar strekkode og at du nyttar bankkort). 

Hvis du ikkje har Ticketfast-billett må du diverre vente til du kjem til festivalen før du kan få fylt på cashlesskontoen din. Her kan du betale med både bankkort, kredittkort og kontantar. 

Du kan når du vil fylle på kontoen eller sjekke saldo inne på konsertområdet (til dømes får du beskjed om kor mykje som er att når du betalar for noko). 

Kan eg eigentleg bruke profilen min til noko?

Å ja da! Du kan fylle opp med penger på nett, sjekke kjøp, stille inn automatisk påfyll av penger, laste ned kvitteringer, deaktivera mista armband, søke om refusjon av resterande beløp og meir til!

Refusjon

Har du pengar att på kontoen etter Vinjerock, vil du få desse tilbake på konto. Dette skal gå automatisk for dei som har fylt på penger på nettsida, alle som har fylt på penger i Bongbue må inn herfor å få refundert.

Gebyr

Det er ingen transaksjonskostnadar ved bruk av systemet, heller ikkje ved refusjon.