Gå deg til Vinjerock-billett

DNT ung og Vinjerock deler ut den høgthengande Gnagsårprisen til den som overnattar på flest DNT-hytter på veg til festivalen. 

 

Glad i å gå? Planlegg du å reise på Vinjerock i sommar? Ta ein skikkeleg fjelltur på veg til årets festival, så kan du vinne Gnagsårprisen. Om du går i to dagar, to veker eller meir, så har du moglegheit til å delta i konkurransen. 

- Den som overnattar på flest DNT-hytter, eller hytter som har samarbeidsavtale med DNT, vinn både heder, ære og gjeve premiar, fortel Johanne Grue Reiten, leiar i DNT ung.

1. premien er telt fra Bergans, fjellsko og festivalpass til Vinjerock 2019!

2. og 3. plass vinn gavekort på hytteovernattinger på DNT-hytter, samt Flaxlodd.

For å vere med i konkurransen må du laste ned Gnagsårpasset, og du må hugse å få godkjenning frå hytta du overnattar på med stempel og signatur. 

Eit heitt tips er å sjekke DNT sine ruteforslag til Vinjerock, og bruke UT.no i planlegginga.  God tur!