Eldforbod på Eidsbugarden

Den turre sommaren gjer at det ikkje er trygt å bruke open eld på Eidsbugarden under Vinjerock 2018. 

På grunn av stor brannfare er det i år totalforbod mot bruk av open eld på Vinjerock og Eidsbugarden. 
For festivaldeltakarar vil det betyr at ein ikkje kan nytte primus ved telta, gassgrillar, fyre bål og anna. 
Men ikkje få panikk! Det vil bli eit avgrensa område ved stranda der du kan fyre opp primusen din og steike frukostegga dine eller lage middag. 
- Me beklagar at publikum ikkje får laga seg mat eller ein kaffetår ved telta sine. Men me veit at Vinjerock sitt publikum elskar naturen som festivalen ligg i, og vil vera med og ta vare på den på best mogleg måte, seier festivalsjef Julie Forchammer. 
I det avgrensa området vil det vera ekstra bemanning og sikringstiltak for å bevare tryggleiken. 

Tidenes Vinjerock-meny er klar

Som ein av naturens rare samanfall lanserer vi nett no også menyen på Vinjerock 2018. 
Der finn du moglegheiter til å kjøpe deg både frukost, føremiddagsmat og middag. Råvarene er kortreiste og lokale, og me er svært stolte av å kunne levere ein så solid meny. 
Med fokus på kortreist, økologisk og sesongbaserte varer finn du blant anna slageren bakt potet med ost frå Valdresost, kjøt frå Stølsvidda og heimelaga kryddersmør. Eller kanskje freistar det med Aasmunds lammegryte til middag etter fjellturen din, eller kva med fjellgrispølser på linser? 
Munnen renn i vatn allereie. Ingen grunn til panikk, eldforbod er rett og slett ein ekstra god grunn til å teste nokre lokale delikatesser. Og du? Prisane er slett ikkje galne. Ta deg ein svipp innom menyen og sjå!