Bli med på jubileumstur til Vinjerock med DNT-ung

Har du billett til Vinjerock, og ynskjer du deg ei ekstra fin oppleving på veg til festivalen? DNT ung arrangerer jubileumstur til Eidsbugarden for deg mellom 18 og 30 år!

DNT feirar 150 år, og det skal feirast på den beste måten: med ein sosial tur gjennom favoritt-fjellheimen vår. Saman går me oss i festivalstemning frå Gjendebu til Eidsbugarden. Er ikkje det ein jubileumstur verdig, så veit ikkje me.

Korleis få med teltet sa du? Eller festivalstolen og lysslynga? Slapp av! Alt dette vert frakta frå turstart ved Gjendesheim og til festivalen. Det einaste du treng å bere på turen, er ein lett sekk. 

I jubileumets ånd, blir det ein rimeleg tur. Prisen på overnatting og mat er berre 500,- for medlemmer, 600,- for ikkje-medlemmer.

- Uerfaren eller ikkje, dette vert garantert ein tur du seint vil gløyme! Under den fyrste overnattinga på Gjendebu, ei betjent hytte, får me trerettars middag og brukar resten av kvelden på å bli kjende med kvarandre. Etter ein dagsmarsj dag to kjem me til Olavsbu, ei sjølvbetjent hytte. Der lagar me middag basert på utvalet frå sjølvbetjeningslageret. Dag tre går me oss i festivalstemning og finn den beste teltstaden vel framme på Eidsbugarden, og dit kjem også utstyret frakta frå Gjendesheim. Eg kan ikkje sjå for meg ein betre start på festivalen, fortel Johanne Grue Reiten, leiar av DNT ung. 

DNT ung har turinfo på festivalen, reparasjonsbu i samarbeid med Bergans og arrangerer turar, kurs og delar av den populære Multisporten på Vinjerock. 

I tillegg deler DNT ung og Vinjerock ut den høgthengande Gnagsårprisen til den som er innom flest DNT-hytter på veg til festivalen.