Slettemark-trilogien: Populærkultur i naturen

Den som ventar får det godt! Her kjem føredrag og litteraturprogrammet vårt, og det er snop. 

Musikkjournalist, krimkritikar og entusiastisk kulturkonsument Asbjørn Slettemark tek i år turen til fjells for å prate med gode gjester om populærkultur og natur.

I løpet av tre samtalar på Parkscena vil Slettemark ta føre seg litteratur med Lars Lenth, musikk med Fay og far hennar, Johan Wildhagen, og film med Kristopher Schau.   

Lars Lenth og litteraturen 

Vinjerock er fyrst og fremst ein musikkfestival. Men hakk i hjel kjem litteraturen og naturen, og det likar me godt å minne dykk på frå scene, lyng og steinbuer. Det er dessutan eit jubelum for vår særs litterære namnefader Aasmund Olavsson Vinje, og det skal me heidre med nokre salige samtalar om ting me likar godt. 

Fyrst ut i samtale om litteratur med Asbjørn Slettemark er Lars Lenth: Forfattar, musikar og ikkje minst flugefiskar. Lenth har dei siste åra teke føre seg både oppdrettsnæring og ulvedebatten i krimbøkene «Vega» og «Menn Som Hater Ulver».

Han held seg også mykje på fjernsynet, der han fiskar med Bård Tufte Johansen (På fisketur med Bård og Lars) og med Lars Nilssen ( Lars og Lars).   

Fay og fjellet

Fjellet og Fay Wildhagen var en glitrande kombinasjon då ho spelte på Vinjerock i 2015. No kjem ho attende! Før konserten fredag kveld kan du høyre Fay og far hennar, Johan Wildhagen, prate om musikk, natur og friluftsliv på Parkscena i Slettemark-trilogien 2.

Johan Wildhagen er fotograf, filmskapar og initiativtakar til Jotunheimen Haute Route. 

Schau og hollywood

Kristopher Schau og Asbjørn Slettemark har tidlegare gått i djupna på ymse populærkultur i podcasten «Kompasset». Før Schau går på scena fredag med bandet The Dogs, vil han og Asbjørn prate om det beste og det verste frå naturen si side i filmar. Slettemark-trilogien del 3, der altså. 

Sjekk foredragsprogrammet her, det blir oppdatert kontinuerleg fram til festivalen. Det er så mykje du vil få med deg!

Torsdag 15.00 - 15.45: Litteratur og natur med Lars Lenth (Slettemark-trilogien 1)

Fredag 12.00 - 12.45: Musikk og natur med Fay og Johan Wildhagen (Slettemark-trilogien 2)

Fredag 15.15 - 16.00: Film og natur med Kristopher Schau (Slettemark-trilogien 3)