Er du den tøffaste vinjerockaren?

Ein ekte vinjerockar vil gjerne bryne seg på ting ein ikkje kan. Som blomekunnskap, hallingdans eller den ultimate utfordringa: multisport. 

No er billettar til aktivitetane ute for sal på ticketco.no! Der finn du ting å ta seg til for den late, den kunnskapssugne, den single, den spreke og den tøffe. 

For deg og din late eller spreke ven

Meir konkret kan du vera med på guida turar til fjell som Falketind eller Uranostind. Det er aktivitetar som blomesafari og kajakkkurs, eller gokarkurs for dei som likar å slå an eit triks utpå kveldinga. 

Og for dei aller tøffaste og mest snartenkte: multisportkonkurransen. Der får du testa deg på både styrke og kreativitet medan du samlar postar rundt i omgjevnadane til festivalen. 

Den som samlar flest postar mellom lyng og fjelltoppar vinn heider og ære! Den første konkurransen byrjar no, for det er dessverre begrensa billettar til alle aktivitetane. 

Første til mølla 

Her gjeld det å sikre seg ein plass, for alle kurs og aktivitetar har begrensa kapasitet. Multisport-konkurransen har ry på seg for å forsvinne fortare enn svint frå behaldninga, så hiv deg rundt, du som eig konkurranseinnstinkt. 

Og du! Minnar også om at tilbodet om billett med Ubekymrabussen ligg ute for 500 (ja, du las rett!) kroner på internett. Altså Ticketco.no. Det er eit rått tilbod.