Sjå Vinje Rockar på NRK

Aasmund Olavsson Vinje kan lære oss ferske Vinjerockarar ein ting eller to om livet som rebell og fjellfant. 

Kva har Vinjerock å gjere i beste sendetid på rikskringkastinga 1. juledag? Det er namnefaderen, Aasmund Olavsson Vinje, som tok oss dit. Sjølvsagt.

Linda Eide og gjengen hennar frå NRK vitja oss til fjells i sommar, for å sjå kva som får 3500 musikkinteresserte fjellfantar til å feire Vinje tre dagar til endes. Dokumentaren tek oss også til Vinje i Telemark, A.O. Vinje sin fødestad. Den tek oss til Gran på hadeland, der Vinje si siste ferd mot fjellet enda. 

Vinje var ei gåte, og livet hans var ei gresk tragedie. Om du har lurt på kvar Vinjerock fekk namnet sitt frå, vil du få svare i dokumentaren. Og ikkje minst, gir den oss eit herleg attendeblikk på sommarens festival, og ein god grunn til å glede oss til den neste på blokka!

SJå programmet her! 

Foto: Anne Lognvik, NRK