Fleire artistar til Vinjerock 2019

Me er inne i billettslepp-veka, og då passar det seg å få litt fleire artistar på plakaten som me kan glede oss til å oppleve.

Fantastiske Aurora byter ut verdsmetropolar med Jounheimen for ein kveld, og me gler oss til å høyre albumet "Infections of a Different Kind Step 1" ljome utover fjellheimen.  

Phlake er ein r'n'b- duo som er yndlingar over vatnet hjå danskane. Tidlegare har dei opna den store musikkfestivalen Roskilde, og no skal dei varme oss med sommarlege rytmar.

Frå danskane i sør, til Ondt Blod i nord. Det er ekte gitarar, beinharde trommer og seriøs rock som skal få fjellet til å riste i sommarnatta. Frå nord kjem også ISÁK, med sin energi og enorme utstråling. Bandet miksar samisk og engelsk, urbane synthar og tradisjonell joik til ei magisk blanding.

Vinjefolk fekk oss alle til å danse og bli forelska i fele i sommaren som var. Dei spelar skamlaus partymusikk på folkemusikkvis, og har gjort det godt både på andre festivalar og i hovudstaden sidan dei fyrst stod på scena under Vinjerock i sommar.

- Vinjefolk er musikk vi ikkje visste vi trong, skreiv Audun Stokke Hole i folkemusikk.no etter ein konsert på osafestivalen i haust.

Moon Hooch blas oss omtrent overende då dei vitja oss i 2017. Med eit par blåsarar, perkusjon og ein ukonvensjonell måte å lage musikk, er dei som skapt for ein solid dansefest i sommarnatta på Eidsbugarden.

Her ser du oversikta over alle artistane som kjem på Vinjerock 2019!