Dette veit me om billettsal-problema i dag

Me beklagar problema med billettsalet på det sterkaste, og me jobbar på spreng saman med TicketCo for å løyse det. 

Takk for tålmodigheita, til dykk alle. Som mange av dykk veit gjennomførte me i dag eit førehandssal for medlem av DNT. I samband med dette opplevde me store tekniske problem og eit system som falt saman.

Me har sidan jobba hardt for å identifisere problema, og løyse dei. Som ein konsekvens av dette har me vald å stenge førehandssalet til DNT.

Dei som fekk kjøpt billett gjennom dagens sal beheld billettane dei fekk tak i. Dei personane som har reservert billettar, og som me har klart å identifisere kontaktinformasjon på, får ein epost frå TicketCo med tilbod om å fullføre kjøpet innan måndag.

Det betyr at førehandssalet til DNT-medlemmar er utseld.

Det var eit stort trykk på salet i dag, og mange fleir som ynskte å kjøpe enn kva billett-talet var. Om du ikkje får ein e-post, tyder det diverre på at du ikkje fekk kjøpt billett i denne omgangen! Vi beklagar igjen problema som har vore i dag, og jobbar på spreng for å kvalitetssikre fredagens billettslepp.

Takk for at de er tolmodige med oss, Vinjerockarar!