Kjekt å vite om festivalpass til Vinjerock

Vinjerock og TicketCo lanserer ei løysing som skal hindre at folk blir svindla. 

Me er inne i den mest nervepirrande veka i Vinjerock-året. Det er som ein OL-sprint, som kampen om mandelen i grauten og  ei yatzi-turnering inne i sin siste omgang. Det er jakta på festivalpassa til Vinjerock 2019. 

Som i fjor, får du ei bekrefting/billett på e-post. Den syner at du vil få eit festivalarmband i posten i juni 2019, som gir deg inngang på Vinjerock.

Armbandet er det einaste som gjeld som adgangsbevis.

Billettar kjøpt på Ticketmaster

Som mange fekk med seg, opplevde me tekniske problem under førehandssalet på TicketCo. Difor vart salet av dei ordinære billettane på Ticketmaster i stadenfor. 

Dessverer har ikkje Ticketmaster lansert ei sikker løying for vidaresal av billettar enda, men dei vil truleg gjere det i løpet av våren. 

Me presiserer difor at kjøp og sal av festivalpass utanfor våre kanalar, skjer på eige ansvar. Hugs at ei bestillingsbekreftelse på mail ikkje gjeld som adgang, kun armbandet som kjem i posten etter 1. juni. Når armbanda kjem, oppmodar me om å møte selgaren personleg, eller bruke Finn.no si betalingsløysing.

Framfor alt: ver svert kritisk, og merksam på at mange prøver å utnytte at det er stor etterspurnad etter festivalpass til Vinjerock. 

Sikker løysing for å selge vidare billettar kjøpt på TicketCo

Som i fjor, tykkjer me billettsvindel er noko herk! Som fyrste festival i landet (trur me) har me saman med TicketCo funne ei løysing for deg som vil kjøpe eller selge festivalpass etter hovedsalget. 

- Mange har henvendt seg til oss og fortalt om svindel og svindelforsøk frå folk som hevdar dei sel festivalpass til Vinjerock tidlegare år. Det tykkjer me er trist, så me lanserer denne løysinga for videresal for at vinjerockarane skal unngå å bli lurt. Dette er fyrste gong me gjer noko slikt, og me håpar og trur at løysinga vil løyse eit problem mange festivalar opplever, seier Carl Frithjof Tidemand-Johannessen i Vinjerock.

Sikker løysing for å selge vidare billettar kjøpt på TicketCo

Om du ikkje kan reise på Vinjerock 2019 likevel, har me to løysingar for at du kan få tilbake pengane dine for festivalpasset. Det er også ei moglegheit for deg som ikkje fekk tak i billett til å halde augo opne for festivalpass som blir lagt ut på nytt på TicketCo.

Vidaresal av festivalpass (gjeld kun bilettar kjøpt gjennom TicketCo):

Dersom du vil selge billetten din vidare til kven som helst, kan du legge billetten din ut for sal hos TicketCo.

Dette gjer du slik:

  1. Du melder inn til TicketCo at du vil selge festivalpasset ditt ved å fylle ut skjemaet under

  2. TicketCo mottek henvendelsen din, og legg festivalpasset ut for sal på TicketCo

  3. Dersom nokon kjøper billetten, får du refundert beløpet for billetten (minus billettavgift)

  4. Dersom festivalpasset ikkje blir solgt, får du beskjed om dette innan 1.juni, og får moglegheiten til å bruke festivalpasset sjølv.

Skjema for videresal gjennom TicketCo (trykk her)

Hvis du vil selge billetten til ein kompis/bekjent (gjeld kun bilettar kjøpt gjennom TicketCo):

Kanskje kjøpte du eit festivalpass for mykje, og vil selge det eine vidare til ein kompis eller nokon andre du kjenne. Det gjer du slik:

  1. Send inn skjemaet under

  2. Kompisen din mottek ein reservasjon på festivalpass

  3. Når din kompis har betalt for festivalpasset, får du beløpet tilbakebetalt til din konto

  4. Dersom kompisen din ikkje betalar innan 1. juni, får du beskjed om dette og kan bruke festivalpasset sjølv.

Skjema for å selge trygt til kompis eller bekjent (trykk her)

Lat oss få slutt på svindel

Den nye løysinga frå TicketCo og Vinjerock er den einaste løysinga for vidaresal me i Vinjerock anbefalar. Me vil at alle skal ha ei god Vinjerock-oppleving, og me vil hindre uærlege sjeler i å svindle folk som ynskjer seg festivalpass.

Løysinga vil vera tilgjengeleg fram til 1. juni. Siste frist for å legge festivalpasset ut for sal gjennom denne løysinga er 25. mai. Om du skal selge eller kjøpe billettar etter dette, oppmodar me til største varsamheit.

  • Møt selgaren personleg, eller bruk Finn.no si betalingsløysing

  • Det finst mange betalingsløysingar me oppmodar om å unngå, som til dømes Ukash, Paysafe/Paysafecard og liknande. Det er ofte snakk om svindel om seljaren vil nytte desse.

Ordrebekreftelese er ikkje godkjend som festivalpass! Før 1. juni oppmodar me på det sterkaste til å bruke TicketCo si nye løysing for vidaresal, for at du skal få armbandet til di adresse. Etter 1. juni må du hugse at kun armbandet gjeld som festivalpass, ordrebekreftelse er ingen garanti.

Lukke til!