Dei første artistane klare for Vinjerock 2019

Popkometen Sigrid er i godt selskap i det første artistsleppet for Vinjerock 2019. Er du klar? 

Snøen legg seg snart over Eidsbugarden, og minnene frå sommarens festivitas i fjellheimen varmar oss i haustnettene. Her skal du få enno meir å varme deg på, for me har eit gloheitt artistslepp til deg.

Sigrid. Popkometen kjem tilbake til oss, og til å toppe favorittane Plot Twist og Don´t kill my vibe, har ho med seg ny-slepp som Suckerpunch på setlista. Real ones - favorittane frå Bergen - sluttar aldri å imponere. I 2019 kjem dei attende til fjells for å ta seg med inn i sine folkrocktonar, for desse karana lagar berre ikkje dårleg musikk.

Rytmar blir det også når Ladama vitjar frå over atlanteren, desse av typen Sør-Amerikanske. Bandet har medlemmer frå Columbia, Venezuela, Brasil og USA, og musikken deira er ei herleg blanding av medlemmene sine kulturar.

Det er noko med Bergen. Emir, du kjenner han kanskje som den eine halvdelen av SushiXKobe, går sine eigne vegar i musikken. Singelen Faller har herja dansegolv rundt i landet, og på Vinjerock skal han herje vidare med musikken han har laga i soloprosjektet sitt det siste året.

Tek denne artistsleppfesten aldri slutt? NEI! Thea Hjelmeland, popdronninga frå fjordfylket, tek oss med inn i sitt elektroniske og magiske poplandskap, med tekstar som rystar godt i kroppen. Get Dancy skal sende oss inn i sommarnettene i hemningslaus dans framom scena, slik me veit dei kan. Med seg på scena får dei fyrverkeriet 9 grader nord tek med seg sine bergensk-srilankiske medlemmer til Eidsbugarden.

Malin Pettersen, stjerneskotet på amerikanahimmelen kjem til oss. Har du ikkje høyrt mykje på amerikana? Då bør starte med det med ein gong, for det er ingen stad det passar betre enn på Vinjerock.

Vent, vent! Me er jo framleis ikkje ferdige. Pom poko kjem til oss, med sine rå gitarriff og nydelege vokal. Det blir sukker-punk i monitor, og me er klare for det. Velkomne til fjells alle i hop!