Leiren som skapar mest god stemning, hygge, er miljøvennlige og inkluderande kan vinne den gjevaste prisen av dei alle: Årets Camp 2023!

Sist oppdatert 22. mai 2023
Tradisjonen tru kårar me Årets Camp på Vinjerock 2023. Det er mykje heider og ære å hente i denne kåringa, og ikkje minst fire festivalpass til neste års festival. 

Det er ikkje berre liv og røre som verdsettast i denne ærefulle kåringa. Her skal ein ha nase for system og kjeldesortering, ein skal vera inkluderande og skape god stemning og vere kreativ. Dette er med andre ord ein konkurranse alle kan delta i. Her krevst ingen kondis eller blod, sveitte og tårer - men svært mykje kompetanse på hygge.

Kjenner du det krible i konkurransenervene? Her er reglane:

  • De er miljøbevisste og sorterer alt avfall
  • Campen lagar god stemning (det er saa viktig å kosa seg)
  • Kreativitet
  • Mest mogeleg kos, minst mogeleg stæsj (oppblåsbare badedyr vil trekke deg ned i denne konkurransen. Sjølv om flamingoar er søte.)
  • De har fokus på sporlaus ferdsel
  • De forlet eit ryddig campområde etter festivalen
  • De har omsyn for naturvern og trivsel og legg at soundboxen eller lignende høgtalarar som speler på nivå med konsertvolum heime. Ta heller med eit instrument - det trekk garantert opp. 
  • Ha ei løysning for rask som snusposar, sneipar og anna smårusk me ikkje vil ha i naturen.

Tagg bilda med #åretscamp og #vinjerock2023 på sosiale media, så finn juryen deg på runda si!

Laurdag midt på dagen går juryen rundt. Tagg oss i story på Instagram, så ser me kvar me skal gå!