Sist oppdatert 09. mai 2023

SELMA FRENCH

Musikknoregs best bevarte hemmelegheit kjem til Vinjerock i sumar! Selma French har lenge befunne seg på konsertscenar landet rundt, då mellom anna som vokalist i Masåva og Morgonrode, og musikar i band som Frøkedal&Familien og Siv Jakobsen. I 2022 kom endeleg debutalbumet Chages like the weather in the mountain (som laga for Vinjerock spør du oss), eit album som blei hylla av norske musikkanmeldarar. 

Ho visar beundring for norsk og engelsk folkemusikk, med eit bodskap pakka inn i wurlitser, hardingfeler og nokre high pitched koringar. Musikken hennar beveger seg frå åpne landskap med ville fjell til gøymde rom med hjarteskjærande skildringar om det enkle og såre.

Foto: Eirik Havnes

 

DINA ÖGON 

Det fantastiske bandet som hankar inn stadig nye fans i Noreg tek turen til Vinjerock i sumar. Svenske Dina Ögon leverar deilig pop groove og er kjende for å vere utrolig gode live. Debutalbumet kom i 2021 og år kom andreskiva Oas, begge til strålande anmeldelsar og jubel. 

Bandet  seier sjølv at “Dina Ögon is like the lovechild of Fleetwood Mac, Eric B & Rakim, Khurangbin and some obscure Motown b-side singles”. 

Det kommer til å svinge godt i fjellheimen når gjengen kjem til fjells i sumar!

 

RICK GROVE

“Faen heller, me vil ha meir!” skreiv Gaffa etter releasekonsert på eit kjåka fullt Blå i Oslo, og meir skal me få! 

Halvt amerikansk, halvt norsk og heilt Vinjerockar - der har du Rick Grove. Han er Oslo-Lucky Luke, men oppvaksen i Lommedalen i Bærum (kor det garantert er mykje tid til øve på trekke kjappara enn sin eigen skugge). 

I 2022 (med føtene godt plassert i cowboybootsa?) tok han endeleg steget heilt framme på scena, etter å ha vore gitarist i fleire norske band. Saman med produsent Michael Paskalev er Groves sin lyd hip men moden, robust men mjuk, pickup-truck men elektrisk sykkel, og hjarteskjærande, men fortsatt fullt av sjarm. Akkurat som mannen sjølv! 

Foto: Helen Røstum

 

ARTICLE 3 

Urfolk har rett til sjølvvørdnad på dansegolvet.

I kraft av denne retten utøver dei fritt sine eigne moves og joikehåndens akselersjon. Dei bestemmer sjølv eiget blingnivå, valgfri sydispartnar og guksi-innhald.

Álgoálbmogiin lea vuoigatvuohta iešmearrideapmái dánsunláhttis.

Dán vuoigatvuođa vuođul sii mearridit friddja iežaset lihkkastagaid, juoigangieđa leahtu, čikŋágasvuođa dási, sydis guoimmi ja guvssi sisdoalu.

Article 3 og Vinjerock erklærer moratorium for urfolksfest! Den samisk kvinnelig DJ-gruppa blei etablert i 2018 med medlemmar frå forskjellige samiske samfunn i Sápmi og er den einaste kvinnelige samiske DJ-gruppa. Dei jobbar for å heve urfolkskvinner sin status mellom majoritetsbefolkninga, og framheve urfolksmusikk som ein kulturell bærebjelke. Dette gjer dei gjennom å kun spele musikk av urfolk!  

Dei tek med seg heftige beats blanda med joik, rap og strupesong (!!!) til Vinjerock. Gjer deg klar for ei oppleving du seint vil gløyme! 

 

FEBER 

Helle Larsen kjent frå mellom anna Jadudah og Inge Bremnes utgjer folkpopduoen Feber. Saman med produsent Bendik Brænne har dei gjennom annleisåra under pandemien skapt ein nydeleg konstellasjon som gjev oss eit lunt, nært og nedpå univers. Kven skulle tru at to halvperifere flyplasspils-bekjente skulle vise seg å bli ein bli akkurat det me treng 1060 meter over havet ein sumardag?

24. mars kom første låt frå duoen, Elephant. 

Foto: Sverre Simonsen 

 

ONDE DAG 

Onde Dag er Dag Audun Kårtvedt sitt alter ego. Snill booker på dagtid, men slem DJ når sola går ned. Med faste DJ-sets rundt omkring i bartebyen (Trondheim) har Onde Dag blitt ein fast kjenning i det trønderske klubbmiljøet. Forbered deg på disco, funk og house i skjønn foreining i lyngen på Vinjerock.