Miljøarbeid

Vinjerock er lagt til eit av landets vakraste naturområder, og dette medfører eit stort ansvar. Dette er ei utfordring som vi har innlemma i alle delar av festivalen frå første augneblink. Fjorårets arrangement fekk mykje skryt for arbeidet med miljø, men det betyr ikkje at ein kan kvile på laurbæra. Difor skal vi i år setje i verk mange nye tiltak for å bevare Eidsbugarden som den naturperla den er, og sikre at publikum også kan vera med på dette arbeidet.

Miljøvisjon:


Vinjerock skal vera ein musikkfestival som gjennomførast med minimal innvirkning på naturen i nærleiken, og der å vera miljøvennlig er eit fullgodt alternativ!

I fjor hadde vi eit knallgodt samarbeid med Valdres Kommunale Renovasjon, og dette samarbeidet arbeidar vi med å vidareutvikle under årets festival. I år skal vi ha på plass ein fullverdig miljøstasjon, der festivalgjestane og frivillige kan sortere søppelet sitt, samstundes som dei kan få eit par hint om miljøvennlegheit med esg på vegen. Eit miljøteam vil også til ein kvar tid vera på festivalen for å sørge for at det er reint og ryddig.

Ikkje minst håpar vi at publikum følgjer den fabelaktige flyten frå i fjor, med å rydde og halde ting i orden etter seg. Tusen takk for hjelpa!

Men å vera miljøvennlig handlar for oss ikkje berre om korleis ein handterar søppel, men også på ein rekke andre områder. Difor har vi heile vegen sett miljøet i fokus, mellom anna ved å bruke mest mogleg lokale råvarer for å minske transportutslipp, mest mogleg bruk av økologiske produkt, returordningar på ubrukte varer, bruk av engangsemballasje på eit absolutt minimum, samt forbod mot glasflasker, flygeblad og eingongsgrillar.

Vinjerock har eit framtidig mål om å oppnå ei «Miljøfyrtårn-sertifisering». Dette inneberer at vi kan dokumentere å ha oppfylt miljøkrav over fleire år som gjev oss status som ei miljøvennlig verksemd. For at vi skal lykkast med dette treng vi di hjelp, og vi håpar du vil vera med oss og skape Noregs mest miljøvenlege festival i høgfjellet.

Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
bergans
bufar
elektromontasje
fondsbu
friflyt
jotunheimen
kulturrad
linkbingo
nationen
nystue
oppland
retura
tentipi
tyinfilefjell
valdres
vang
vangspb
vautoservice
Billettservice
Facebook
Valdres

get flash!

toppbilde51.jpg
Artistar