Jobb frivillig!

Viktig info: Alle som søkjer innan søknadsfristen vil få svar seinast 7. mai. Vi vil gje beskjed til alle søkjarar om festivalen står i fare for å bli utseld før det tidspunktet.

Vinjerock kan aldri koma vel i havn utan frivillige arbeidsjern! For å forsvare tittelen som Noregs beste rockefestival, treng me i år godt over 100 frivillige for å sikre ei framifrå festivalhelg.

Servering

Erfaringa tilseier at fjellufta gjer folk ekstra tyrste, og vi treng nokon med godt humør til å tappe festivaløl og servere mat til svoltne fjellfolk. Erfaring frå bar eller servering er sjølvsagt ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har god stå-på vilje!
Aldersgrense for jobbing i bar: 18 år

Miljøarbeidar

Festivalen går føre seg i fjellheimen, og då er det ekstra viktig at festivalområdet blir godt teke vare på. Miljøarbeidarane ser til at festivalområdet er reint og ryddig, og passar på at folk ryddar opp etter seg.

Sikkerheit

Som sikkerheitsmedarbeidar er det ikkje nødvendig med forkunnskap frå verken karate eller tøffe gjengmiljø, her held det at du er omgjengeleg og hyggelig. Di oppgåve blir å sjå til at folk trivst, og at det er ro og orden på området.
Aldersgrense: 18 år

Salgsmedarbeider

T-skjorter, festivalpass, bongar også vidare... Som salgsmedarbeidar skal du selje festivaleffekter, og det er difor flott om du har nokre gode salgstriks på lager!

Infomedarbeider

Som infomedarbeider skal du helst vite alt. Dersom det er noko du ikkje veit, må du kunne finne ut av det. Det er deg folk vil gå til når det er noko dei lurer på, så du må vera innstilt på å setje deg inn i ein god del informasjon omkring festivalen. Har du ei positiv haldning og likar å snakke med folk er dette noko for deg!

Scene

Oppe på scena er det mykje utstyr som skal riggast opp og ned for dei forskjellige artistane. Som scenearbeidar er det du med og hjelper til på scena under og mellom konsertane, for at programmet skal gå så knirkefritt som mogleg.
Aldersgrense: 18 år

Harde fakta

Som frivillig får du, i tillegg til Noregs vakraste festival gratis, gratis mat medan du er på arbeid, ei unik frivillig t-skjorte og gratis overnattingsplass i festivalcampen. Som frivillig blir du del av eit stort frivillig-fellesskap, og du vil bli kjent med nye folk både før og under festivalen. Me vonar difor at både lokale og langvegsfarande melder seg som frivillige, slik at me saman kan gjera Vinjerock 2010 til nok ei uforgløymeleg oppleving i fjellheimen.

Spørsmål? Skrik ut til frivilligdronning Marthe på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eller mobil 977 96 655!

Søknadsskjema

Søknadfrist: 1. mai 2010.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


 
 
 
 
 

Frivillig
Vil du hjelpe oss med å stelle i stand sumarens store høgdepunkt i fjellheimen?
Les meir
Presse
Pressebilete, pressemeldingar, logoar osb. - det finn du ved å klikke deg inn her!
Les meir
Tur
Vinjerock handlar om mykje meir enn berre musikk og øl. Bli med oss ut i naturen!
Les meir
DNT
bergans
bufar
elektromontasje
fondsbu
friflyt
jotunheimen
kulturrad
linkbingo
nationen
nystue
oppland
retura
tentipi
tyinfilefjell
valdres
vang
vangspb
vautoservice
Billettservice
Facebook
Valdres

get flash!

toppbilde25.jpg
Artistar