Trygg festival
Vinjerock handlar om å kose seg frå ende til annan, og ein av føresetnadane for dette er at rammene rundt festivalen er tryggast mogleg. Eit stort apparat er i sving i kulissane på Eidsbugarden, eine og åleine for å sikre at du som kjem har det best mogleg!
Stort apparat
Om lag 100 personar er under festivalen i sving med oppgåver knytta til trivsel og tryggleik. Denne gjengen består av alt frå legar og sjukepleiarar til Røde Kors, Politi, profesjonelle vakter og frivillige ordens- og trivselsvakter.
Operasjonssentralen vår er døgnbemanna under festivalen, og det er til ein kvar tid vakter ute i campane som skal sjå til at folk trivst og har det fint. Desse er der utelukkande for å ta vare på deg, så ta godt imot dei - og ta kontakt med dei som du føler behov for det! Saman lagar me ei flott festivaloppleving for både liten og stor :-)
Praktisk informasjon
Informasjon om aldersgrensene finn du på billettsida. Ta kontakt med vaktleiar Knut på lerhol@vinjerock.no om du lurer på noko!
