Transport
Vinjerock ligg langt til fjells, og logistikken er ikkje alltid enkel å løyse. Men med ei lita dose tålmod og mange engasjerte dugnadshender går det meste i orden utan store problem.
PS: Om du vil sleppe kø anbefaler vi deg å bli med ein av Ubekymra-bussane våre, som køyrer deg rett inn på festivalområdet. Følg med for meir info om stoppestader og rutetider!
Til fjells
Festivalbuss
Alle som kjem med eigen bil til festivalen må parkere ved Tyin hotel (kr 50,- for heile helga - kontant betaling) og ta festivalbussen derifrå inn til Eidsbugarden. Ved behov vil det også kunne bli parkering ved Tyin-Filefjell Skisenter. Festivalbussen inn til Eidsbugarden er inkludert i alle festivalbillettar. Festivalbussen korresponderer med rutebussar på Tyinkrysset.
Me kjem attende med rutetider.
Ubekymra festivalbuss

Ta vår fantastiske Ubekymra-buss frå byen og rett til Eidsbugarden! Me set opp eigne festivalbussar straka vegen frå bysentrum og rett inn til festivalområdet for gjebortpris. Null kø, null stress - berre masse god stemning og fantastiske Vinjerockarar på tur i lag :-)
I tillegg til den finfine prisen får du også eit par frynsegodar. Litt mat og drikke på veg til og frå festivalen, i tillegg til ein quiz med fjonge premiar! Og når du kjem til festivalen får du billettarmbandet påsett før du går av bussen. Ergo slepp du alt som heiter kø, og kan hive deg med i dansen så fort teltet er på stell og bagasjen parkert.
Reiseinformasjon for Ubekymra-bussane kjem etter kvart.
Vi jobbar for å kunne utvide tilbodet til å gjelde fleire byar i
2012.
Ubekymra-bussane er eit samarbeid med Vang Sparebank.
MB Bitihorn - Bygdins kvite svane

Frå Bygdin Fjellhotell/Beitostølen:
Ta Nord-Europas høgstgåande rutebåt over innsjøen Bygdin til
Vinjerock! Langs RV51 over Valdresflye, 3 km frå Beitostølen ligg
Bygdin Fjellhotell. Herifrå går MB Bitihorn i rutetrafikk inn til
Eidsbugarden to gonger i døgnet i sumarhalvåret.
Ordinære rutetider finn du hjå JVB.
Rutebuss
JVB og Sogn Billag har fleire avgangar dagleg mellom
Lillehammer/Oslo - Årdal/Lærdal - Bergen. Nokre av desse
korrensponderar også med rutebussar inn til Eidsbugarden i
sumarhalvåret. For meir info og rutetider:
JVB
Nor-Way Bussekspress
Til fots
Kvifor ikkje kombinere festivalturen med ein fjelltur på toppen av Noreg? DNT har haugevis av hytter i Jotunheimen, hvis du ikkje kastar teltet på ryggen og slengjer deg ned ute i naturen.
Bil
Følg E16 til Tyinkrysset, og ta av på RV53 til Årdal. Når du kjem til Tyin Hotel går RV252 inn til Eidsbugarden. NB: På grunn av begrensa parkeringsplassar på Eidsbugarden vil festivalgjengarar med bil bli henviste til festivalparkering ved Tyin Hotel (avg. kr 50,-). Derifrå går det festivalbuss inn til festivalområdet (inkludert i festivalpasset).
Har du ein ledig plass i bilen? Hjelp oss å spare miljøet og fyll opp bilen med andre Vinjerockarar, ledige plassar kan du annonsere på våre Facebooksider!
Avstandar til Eidsbugarden
Fagernes: 97 km
Øvre Årdal: 53 km
Gjøvik: 192 km
Oslo: 281 km
Bergen: 279 km
Vågåmo: 79 km (til Bygdin)
Transportørar

